Tilbake for fullt

— Eg håpa at skaden skulle lege seg utan inngrep. Eg var med landslaget på […]

— Eg håpa at skaden skulle lege seg utan inngrep. Eg var med landslaget på den viktige samlinga på La Manga i februar. Det var den siste testen før dei viktige EM-kvalifiseringsrampane i England. Fekk ikkje med meg nokon av øktene på den spanske solkysten. Den smertefulle ankelen tvang meg til å trene alternativt. På det tidspunktet forstod eg at eg måtte under kniven, seier stortalentet frå. Det har snart gått eitt år sidan Øvre Vats-guten fikk sin debut med det norske flagget på brystet. Nordtveit gjorde det bra i Åpent Nordisk Mesterskap på Hedmarken. Gutespelaren fekk også dokumentert kvalitetane sine då han var med G 16-landslaget til Irland nokre veker seinare. Den flotte innsatsen der gjorde at han blei tatt ut til å forsvare dei norske fargane i EM-kvalifiseringa i Ungarn.
Operert
— Det var ikkje md lett hjarte eg melde forfall til EM-kvalifiseringskampane i Ungarn. Eg gjekk skadd og hadde i realiteten ikkje noko val, seier Vegard til Grannar. Den lovande tenåringen blei skikkeleg glad då han fikk høyre at Noreg hadde kvalifisert seg for mellomrunden i England. Nordtveit hadde forhåpningar om å rekkje kampane på dei britiske øyer. Det har lite for seg å vere etterpåklok. Men det spørs om legane skulle lagt han på operasjonsbordet tidlegare. Vegard er glad for at inngrepet ser ut til å ha vore vellykka. Sidan tidlig i vår har han trent for fullt. Førsteårsjunioren manglar litt før han er på same nivå som i fjor haust då det fungerte veldig bra for hurtigtoget. Då scora han landslagsmål og fekk sin debut på FK Haugesund sitt A-lag. Trenar Harald Aabrekk såg potensialet og let han få speletid.
A-laget
— Eg håpar eg etter kvart kan få speletid på A-laget. Det er eitt av sesongens mål for mitt vedkommande. Då vi tapte for Rosenborg i cupen fekk eg prøve meg. Sette pris på at eg fekk tillit i det oppgjeret, sjølv om det blei eittmålstap. Har for øvrig vore på benken i ein del kampar, sa han som debuterte i 1.divisjon som 16-åring. I følgje Norges Fotballforbunds statistikk er det ikkje mange gutespelarar som har fått prøve seg på det nest øvste nivået i norsk fotball når dei er så unge. Vegard innrømmer at det var stort å løpe ut på banen i kampen mot Hamarkameratene, som kjempar i toppen i eliteserien. Nordtveit er innstilt på å trene mykje i sommar og hausten. Han vedgår at det tar tid å bygge seg opp etter eit skadeavbrekk. Det lokale hurtigtoget spelar både på junior- og toarlaget til FK Haugesund som freistar tilværet i 3.divisjon.