— Det var ikkje noko stor overrasking at det kom eit terroråtak i London. Det har vel eigentleg lege i lufta lenge. Sjølvsagt vart folk redde, men samstundes trur eg kanskje folk flest slappa litt av etter det fyrste åtaket, og tenkte at; nå er det gjort, nå kan me slappa av. Det var etter det andre åtaket at frykta spreidde seg for alvor. No er det ein veldig spent situasjon der borte, seier Randi Stødle.
Etne -jenta reiser ikkje attende før i midten av september, og er glad for det.
— Er du redd for å reise tilbake?
— Ikkje direkte redd, men det blir heilt annleis. For meg kjennest det veldig fjernt. Men det vert nok ekkelt å ta undergrunnen etter alt som har skjedd, seier ho.
Vil leve som før
I ein så stor by som London er det vanskeleg å unngå kollektivtrafikken, sjølv om ein ynskjer det. Randi fortel om ei veninne som etter terroren unngår både undergrunnen og bussar ved å gå.
— Eg skal få meg ny leilegheit når eg reiser tilbake. Plasseringa av den, er det som avgjer om eg kan klare meg utan kollektivtrafikken, til dagleg. Uansett må ein prøve å leve som før, elles får terroristane det nett som dei vil. Deira mål er jo å spreie frykt, seier ho.
Har tru på britisk politi
Fotografistudenten er skremd over at ein heilt uskuldig mann vart skoten av politiet, og er litt skeptisk til at dei går ut med namn og bilete på dei som er mistenkte. Det kan jo hende dei er uskuldige. Likevel har ho tiltru til politiet.
— Dei første terroristane tok dei med ein gong. Eg vonar og trur at resten vert tekne og, seier ho.
— Kva trur du terroråtaka gjer med fordommane menneske i Vesten har mot muslimar?
— Eg merkar berre her heime at framandfrykta og fordommane har auka etter London bombene. Eg jobbar i eldreomsorga no, og der merkar eg det særskild godt. Eg synes det er forferdelig trist at alle muslimar blir stempla som onde. Det er trass alt berre ei lita og svært ekstrem gruppe som driv med terror. Likevel er det jo slik at alle vert meir skeptiske, også eg. Terroren skapar endå større spenningar mellom aust og vest, seier ho.
Forandra kvardagen
Venner og kjente i London kom frå bombene med skrekken. Ein kamerat tok undergrunnen den morgonen det smalt, men var ikkje i nærleiken av sjølve eksplosjonane.
— Det fyrste eg gjorde, då eg høyrde om bombene, var å sende SMS til vennene mine der borte. Det nytta ikkje å ringe, sidan telefonnettet var sprengt. Heldigvis hadde alle det bra, seier ho.
I tida som kjem trur ho langt fleire kjem til å sykle, og bruke alternative transportmiddel. Sjølv vil ho leve som før, men vere litt meir bevisst på det å unngå kollektivtrafikken, dersom ho kan.
Randi Stødle har eitt år att på skulen, men ser ikkje vekk i frå at ho kjem til å bli verande på andre sida av Nordsjøen ei stund. Når utdanninga er i boks vil ho flytte til kjærasten Thomas i Edinburgh, og satse på å få seg jobb som fotograf der.
Tilbake til eit annleis London
— Det var ikkje noko stor overrasking at det kom eit terroråtak i London. Det […]