Innføringa av eit obligatorisk 2. framandspråk er ein del av Kunnskapsløftet og skulle tre i kraft frå hausten 2006. For å oppfylla krava frå den avtroppande regjeringa, sende staten lærarane på kurs. Men etter regjeringsskiftet har kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV) uttalt at eit 2. framandspråk i grunnskulen ikkje skal vera obligatorisk.
Rita Kollstrøm og Sten Valen ved Enge skule meiner språkfag er viktige, men trur det er fornuftig at det andre framandspråket er friviljug i grunnskulen.
— Det kunne blitt tøft for nokre. Skulen er veldig teoretisk. Nå kan dei som vil, få sjansen til å velja det. Då får ein gjerne også meir motiverte elevar, seier Kollstrøm.
— 2. framandspråk som obligatorisk ville vera å legga ei bør på elevane, seier Valen.
Trass i signala frå Djupedal, gjennomfører nå Kollstrøm og Valen vidareutdanning i spansk for lærarar. Utdanninga er eit samarbeid mellom Forum for Oppvekst i Sunnhordland (FOS) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH). Etter å ha gjennomført det toårige kurset, som gir 60 studiepoeng, forpliktar lærarane seg til å undervisa i språket i to år.
Ein annan ståstad
Sidan oppstarten i september har lærarane erfart at det er nyttig å sjå skulen frå elevane si side.
— Det er sunt for lærarar å vera elevar. Då ser me utfordringane til elevane. Me ser at ein blir trøytt etter ein lang dag. Det er ikkje berre til å ta imot, men me ser at det er viktig med variasjon i skulekvardagen, seier Valen.
— Det er kjekt og motiverande å vera på skulebenken. Me må stå på og jobba sjølve, seier Kollstrøm.
Kvar onsdag reiser dei til Aksdal for å terpa på spanske glosar og spansk grammatikk i seks timar. I tillegg møtest dei to lærarane ein gong i veka for å gå gjennom vekas problemstillingar.
— Det er godt at me er to. Eg trur det hadde vore tungt å vore åleine om det, seier Kollstrøm.
Usikkert tilbod
Morten Odeen, rektor ved Enge skule, kan ikkje lova at skulen tilbyr spansk allereie frå neste haust.
— Det kan bli aktuelt neste år eller året deretter, men dette er usikkert. Me har ikkje tatt stilling til det endå. Ettersom det nå ikkje blir obligatorisk med 2. Framandspråk, er det ein ny situasjon, seier Odeen.
Etter at den raud-grøne regjeringa kom til makta, er ein del usikre moment dukka opp i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Odeen avventar difor regjeringa sin konklusjon.
— Målet for skulen på sikt må vera å nytta seg av den kompetansen me nå får og å gi eit spansktilbod til elevane, seier Odeen.
Då Enge skule tilbaud spansk som tilvalsfag for nokre år sidan, blei det svært populært, men på grunn av manglande lærarkrefter heldt ikkje tilbodet fram. I dag tilbyr skulen tysk som 2. framandspråk i ungdomsskulen.
— Eg trur det blir kjekt for elevane med eit spansktilbod. Men me lovar å gå saktare fram enn me gjer på kurset, ler Valen.