Takk for at de bryr dykk, var hovudbodskapen på den lyrisk utforma kaka. «Graset kan saktens vera grønare på den andre sida av gjerdet – men det er like tungt å slå», lydde sluttappellen.
Gimmicken var blant anna ein takk for den halve millionen kommunestyret hadde løyvt til Landbrukets Hus, som er under oppbygging i Ølen.
Bryr seg
Johannes Hustveit, som leiar Skjold Bondelag, kom inn på dette i helsingstalen sin. Han takka politikarane for at dei brydde seg om landbruksnæringa, og han trekte fram at Vindafjord er landets femte største landbrukskommune.
Det er eitt bondelag i kvar av dei sju tidlegare kommunane i Vindafjord, pluss eitt på Bjoa. Alle åtte bondelaga var representerte på tilhøyrarbenken under overrekkinga, og dei fleste var med og skar opp kaka.
Tilfredse bønder spanderte kake
Takk for at de bryr dykk, var hovudbodskapen på den lyrisk utforma kaka. «Graset kan […]