Tillit sett på prøve

Seinast tysdag kveld forsvarte Enoksen Johan Fr. Odfjell sitt kandidatur som styreleiar. Dagen etter gjer […]

Seinast tysdag kveld forsvarte Enoksen Johan Fr. Odfjell sitt kandidatur som styreleiar. Dagen etter gjer han kuvending og ber Statoil sin valkomite føreta ny vurdering av Odfjell som kandidat. I mellomtida offentleggjer Odfjell onsdag at han trekkjer seg som kandidat.

Det som fekk saka om Odfjell som ny styreleiar i Statoil til å eksplodera i media, var avsløringa av hans gullkanta etterlønnsavtale med Vesta på 14 millionar kroner. Enoksen seier at han har lite til overs for ein slik avtale, men i motsetnad til andre etterlønnsavtalar føreligg det her ein avtale om arbeidsplikt, seier Enoksen. Når Odfjell ikkje vil seia opp avtalen, og dermed gi frå seg millionane frå Vesta, må me spørja om Enoksen har tenkt at Odfjell skal vera til disposisjon for Vesta samstundes som han er styreleiar i Statoil?

Men dette er nok eit dumt spørsmål. For i desse krinsar er det heilt vanleg å tena fleire herrar. Der den eine er direktør er den andre styreleiar, og omvendt. Dette samrøret har til fylle også blitt avdekka i denne saka. Til dømes har Jens Ulltveit-Moe, som tidlegare medlem i Statoils valkomite, vore med og innstilt Odfjell som styreleiar, samstundes som Odfjell er styreleiar i Ulltveit-Moe sitt selskap.

Det er kanskje forståeleg at valkomiteen med si samansetning ikkje har sett problemet, verre er det at regjeringa ikkje har forstått at dette ville det bli bråk av. Feite fallskjermar og tette samband mellom styremedlemmer og toppstillingar i næringslivet, var noko dei raudgrøne partia gjekk hardt til angrep på i valkampen. Dersom dei kom til makta, skulle det bli slutt på denne type ukultur.
Då er det ikkje rart at folk flest reagerer når dei ved første korsveg snublar og går på trynet slik som i dette tilfellet. Dette fallet har påført dei meir enn skrubbsår. Det er tillit til det dei seier i eine vendinga og til det dei gjer i den andre, som nå blir sett på prøve.