Dette framtidskartet kjem fram i ein rapport frå Østlandsforskning som Kommunenes sentralforbund (KS) har bestilt. Rapporten vil bli eit viktig dokument i teikninga av framtidas kommunekart. Prosjektet er eit samarbeid mellom KS og Kommunal- og regionaldepartementet, og fotarbeidet skjer i regi av det enkelte fylket.
Rogaland tar Etne med
Etne blir berre kasta loss frå Hordaland og siglar mot Haugalandet utan nærmare oppgitt posisjon. Kartet for Rogaland er det nemleg Rogaland sjølv som skal teikne.
Premissen er nemleg ikkje å flytte verken fylkes- eller kommunegrenser, men å finne ut kven som kan inngå ekteskap innanfor kvart fylke.
Etne er førebels fri og frank og ugift, men med gode utsikter til tvangsekteskap på Haugalandet dersom det blir ein storkommune der. Den same lagnaden deler Sveio.
KS skal vurdere rapporten og dra konklusjonar av den før eit forslag blir sendt på høyring i kommunane. Kommunane er alt involverte i prosjektet, og KS har høve til å bake synspunkt inn i forslaget før det blir sendt til kommunane.
Tre utan partnar
Prosjektgruppa i Hordaland med Stord-ordførar Magne Rommetveit som leiar, la i oktober i fjor fem ulike kartskisser, og som varierte frå fem til 22 kommunar igjen i fylket. Der stod Etne aleine eller var med i ein storkommune i Sunnhordland, pluss eitt alternativ der Etne var kasta loss til Haugalandet.
Østlandsforskning har landa nærmare midt mellom dei tidlegare skisserte ytterpunkta, men det er likevel ein drastisk endring å gå frå 33 til 12 kommunar i Hordaland.
I dette forslaget er det berre Kvinnherad, Kvam og Austevoll som overlever som eigne kommunar. Østlandsforskning har ikkje hatt sansen for ein Folgefonn kommune som samlar kommunar i Sunnhordland og Hardanger rundt breen.
Ikkje visum
Forslaget vil også ha ein meir moderat variant av Sunnhordland kommune med nærmare 33.000 innbyggjarar. Når Etne blir dirigert mot Haugalandet, peikar Østlandsforskning på at 19 prosent av dei sysselsette i Etne pendlar til andre kommunar på Haugalandet, og då spesielt til Ølen (11 prosent). Pendlinga til Haugesund er tre prosent.
Østlandsforskning tar utgangspunkt i det dei kallar funksjonelle regionar. Målet er å justere kommunegrensene til ein større samanhengande arbeidsmarknad og bu- og serviceregionar. Sjølv om det langt frå er visum på kommunegrensene, meiner Østlandsforskning at det er nødvendig med meir robuste kommunar. Ein av taparane som blir drøfta, er lokaldemokratiet.