Tine mot Synnøve

Nå granskar Konkurransetilsynet både Rema/Tine-avtalen og Ica-saka. Synnøve Finden meiner eineveldet hos Rema kom i […]

Nå granskar Konkurransetilsynet både Rema/Tine-avtalen og Ica-saka. Synnøve Finden meiner eineveldet hos Rema kom i stand ved at Tine la millionar på bordet.

I ei meiningsmåling seier to av tre nordmenn at dei har redusert tillit til Tine etter det som har komme fram dei siste dagane. Toppsjefen i Tine, Jan Ove Holmen, er svært lei seg for dette og seier Tine lever av tillit og eit godt omdømme blant kundane sine. Tine har derfor hyra Det Norske Veritas for å gjennomføra ei intern gransking for å finna ut kva som har skjedd i forhandlingane mellom Tine og Ica. Påstand har stått mot påstand mellom toppleiinga hos dei to aktørane. Om me nokon gong får vita kven som har gjort eller sagt kva, ligg nå i hendene til Konkurransetílsynet.

Me trur diverre ikkje det som er avslørt mellom Tine og Ica er eit eineståande tilfelle. Me fryktar at det som har komme til overflaten mellom partane i næringslivet berre er toppen av det berømte isfjellet. Me fekk nyleg eit innblikk i korleis aktørane kjøper og sel hylleplass for å få den beste plasseringa i daglegvarebutikkane.
Me har lenge blitt tuta øyrene fulle av kor bra det er med konkurranse og ein marknad som styrer seg sjølv. Her som på så mange andre område viser det seg at det er stor skilnad mellom liv og læra. Kampen mellom ostejentene Tine og Synnøve er eit nytt prov på at det er dei som sit med pengar og makt som regulerer marknaden.