Tjuvstarta i nytt treningssenter

Ein jamn straum med treningsinteresserte var innom dørene på Frisk Treningssenter søndag. — Wow, så […]

Ein jamn straum med treningsinteresserte var innom dørene på Frisk Treningssenter søndag.
— Wow, så flott!, var den vanlegaste kommentaren frå dei besøkjande.
I flotte lokale med nydeleg utsikt over Ølensfjorden, kan ein puste og pese i dei mange nye og nøye utvalde treningsapparata.
— Me har valt ut treningsapparat med omhug. Apparata skal passa alle aldersgrupper, og skal dekkje alle muskelgruppene i kroppen, seier John Karsten Hustveit.
Spinningrommet var smakfullt innreia med stjernehimmellys og god utsikt til instruktøren. I eit ubetjent barnerom kan ein plassere ungane for ei teiknefilmstund. Frisk Treningssenter byr og på eigen sal for aerobic -og stepøktene.
Trioen bak Frisk Treningssenter er interessert i å få fleire instruktørar til gruppetreningstimane, det vil seie aerobic, step og spinning. Dei oppmodar alle som er interesserte til å ta kontakt.
Kristin Røsseland jobbar til dagleg som fysioterapeut ved Ølen Fysioterapi. Ho er tilgjengeleg ved treningssenteret ein dag i veka.
— Min jobb blir å legge tilrette trening for menneske med spesielle behov, til dømes trafikkskadde. Eg kjem til å fungere som ein vanleg treningsinstruktør, men har jo alltid yrket mitt i bakhovudet, seier Kristin Røsseland.
Ho trur treningssenteret kjem til å bli brukt mykje.
— Det ligg ikkje for alle å springe i fjellet og ta trimmen på den måten, her kan ein trene på sin måte, seier ho.
Til no er det ca. 270 personar som har meldt seg inn i treningssenteret, og det er ikkje berre muskuløse testoron-bomber og flotte damer med sprettrumpe. Dette er eit treningssenter for alle!
— Dette er eit heilt topp tiltak, eg kjem nok til å melde meg inn, seier Sveinung Arnestad.
Annika Andreassen og Eiolf Berge var òg i skranken for å melde seg inn. Dei skal allereie denne veka få eige opplegg med instruktør, som skal hjelpe dei i gang.
Fleire som var innom og som har lurt litt på om dei skal hive seg på, vart overbeviste på søndag. Ei av dei var Jenny Grete Kvamme.
— Dette verkar kjempespennande, så dette vil eg vere med på, seier ho.