To hus står i vegen

For den eine av huseigarane vil nok ei eventuell riving av huset vera litt sårt. […]

For den eine av huseigarane vil nok ei eventuell riving av huset vera litt sårt. Hildur Karin Ørke er oppvaksen i det raude huset der ho og mannen hennar bur, på Nygård, kloss i vegkanten, mot den travle europavegen.
Dei har pussa det grundig opp dei siste åra. I hagen blømer det i alle tenkjelege fargar, sjølv på ein ruskete dag i oktober. Det var bestemora hennar som fekk dette huset bygd i 1930.Ekteparet Ørke er ikkje akkurat lystne på å flytta, men dei vil godta innløysinga. Under føresetnad av at dei får skikkeleg erstatning, slik at dei kan skaffa seg ein ny stad å bu.— Me er oppi åra, så me kan jo ikkje setja oss i gjeld, seier Hildur Karin Ørke. Samstundes understrekar ho at ho og mannen ser det som viktig at det kjem gangveg langs den trafikkerte vegen. Difor vil dei i utgangspunktet ikkje setja seg imot ei innløysing. Planane om gangveg har vore oppe med jamne mellomrom i årevis. På den måten har dei vent seg til tanken om at dei kan måtta koma til å flytta.
Det andre huset som må vika dersom gangvegen skal byggjast etter planen, ligg på Smedsvik eit par hundre meter lengre aust. Huset vart bygd av Alexander Nagell i 1930. Nåverande eigarar er familien Reed, som aldri har budd i huset sjølve.
— Då me kjøpte eigedommen i 1983, fekk me vita at dette huset skulle rivast året etterpå, fortel Martin Reed.
Huset vert nytta som leigebustad for sesongarbeidarar, og Reed vil ikkje setja seg imot at det vert innløyst. Dette er noko han har vore budd på alle desse åra.
Tek litt av kyrkjegarden
I reguleringsplanen, som nå ligg ute til offentleg ettersyn, heiter det at gangvegen går inn på mellomalderkyrkjegarden i Skjold. Dette er ein feil i saksdokumenta, opplyser kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit. Den aktuelle kyrkjegarden er frå 1865, og dei nyaste gravene er frå 1940.
— Det er ikkje feste på nokon av dei gravene som ligg ned mot vegen, der gangvegen skal koma, forklarer Tveit.
Kyrkja stiller seg positiv til planane. Dei ønskjer å ta i bruk kyrkjegarden frå 1865 til nye graver, ettersom den kyrkjegarden som er i bruk, nesten er full. Kyrkjeverja håpar at ein ved gravferder kan nytta den nye gangvegen til å transportera båra og gravfølgjet til det som vert den nye kyrkjegarden. På den måten unngår dei å koma ut på den trafikkerte europavegen.
Seksjon for Eigedom ved Statens Vegvesen i Stavanger tek seg av denne typen innløysingssaker. På grunn av tenestereiser og ferieavvikling var det ikkje mogleg å få kommentarar til kva innløysingspris Ørke og Reed får tilbod om, før Grannar gjekk i trykken.