To jentetokt over Nordsjøen

Nå er den første gruppa med åtte moderne vikingkvinner på Shetland. Om dei prøver å […]

Nå er den første gruppa med åtte moderne vikingkvinner på Shetland. Om dei prøver å krevja tilbake kongepantet frå 1469 får me kanskje svar på når dei er venta inn att til Haugesund laurdag.
31-årige Anita Karlsen frå Bergen er ein dyktig og erfaren seglbåtskipper, og det er ho som har ansvaret for eit delvis lite sjøvant mannskap. Dei sju seglturistane kjem frå Vats, Ølen og Vikedal.
Snop for ein månad
Mannskapet sette einannan stemne på kaien i Haugesund laurdag ettermiddag. Dit kom ektemenn og smårollingar køyrande med seglkvinnene, og det var ikkje få kilo mat og flaskevatn som blei bore ombord. Med eitt var heile kahyttgolvet dekt med plastposar, men under kommando av kaptein og skipseigar tok det ikkje lang tid før alt var stua vekk i skap og spiskammers.
— Du må gå ned og ta ein kikk på godteriskapet. Der er nok sjokolade og potetgull for ein månad, ertar skipper Karlsen lattermildt.
Ho har erfaring med liknande jenteturar frå Bergen, og me anar at det er litt skilnad på kva proviant menn og kvinner vel å ta med seg på segltur.
Puben er målet
Wollertsen har nettopp kjøpt S/Y «Athene», og dette er første langturen. Båteigaren sjølv har segla over til Shetland fleire gonger tidlegare, og ho veit vegen til seglarfolket sin stampub i hovudstaden Lerwick. Jentegjengen tek peiling på denne puben straks dei har fortøydd båten. Etter planen skulle det gjerast landhogg i god tid før dei etter norsk målestokk svært tidlege stengetidene.
Turen over Nordsjøen tek vanlegvis 33-35 timar frå Bergen, og frå Haugesund er det berre ørlite lenger. Segljentene skal sova ombord i båten alle dei sju nettene turen varer, også når dei ligg fortøygde i Lerwick.
— Åtte damer og eitt bad. Korleis skal det gå, undrast ein av mennene.
Eit svar får me kanskje på laurdag, når S/Y «Athene» kjem att, og skal fyllast opp med nye vikingjenter til nytt Shetlandstokt.
— Då er det ein plass ledig. Så viss me har hatt ein fin tur, kranglar me om å få vera med tilbake, spår Siv Reidun Hundseid.