To lokale går vidare

Etter den første intervjurunden med fem kandidatar, står tre igjen til vidare vurdering hos rekrutteringsselskapet […]

Etter den første intervjurunden med fem kandidatar, står tre igjen til vidare vurdering hos rekrutteringsselskapet Headvisor i Bergen. To av dei fem som var inne til intervju i forrige veke trekte seg då kravet kom at dei måtte vere offentlege for å gå vidare.
Etter kravet om offentleg søkjarliste, er det kome fire fleire namn på denne lista, medan åtte framleis er ukjende og ute av bildet.

Var aktuelle
— Det var aktuelle kandidatar, men eg forstår at det ikkje passar alle sin situasjon å offentleggjere at dei søkjer ny jobb. Men det er stor interesse omkring ei slik tilsetting, og dei som søkjer må rekne med at det blir offentleg kven som er aktuelle kandidatar i slutten av prosessen. Det er tveegga dette, men det er mest rett å gjere det på denne måten, seier ordførar Amund Enge.
Han vil vente med å avsløre kven dei tre er som står igjen til ein nærmare sjekk hos Headvisor.
— Dei går djupare inn i materien og skal tilrå overfor oss. Har dei ingen, må vi ta ein ny runde. Får vi ei tilråding vil den eller dei bli kalla inn til å møte formannskapet som skal innstille overfor kommunestyret, seier Enge.

Ein ukjent
Konstituert rådmann Elling Hetland i Etne kommune er blant dei tre som no blir vurderte vidare. Det same er truleg eks-politikar i Ølen, no Os, Terje Hermansen. Han arbeider som lærar i Os, men har lang erfaring både i politikk og interkommunalt samarbeid gjennom forskjellige prosjekt han har deltatt i. Han var på lista over dei fem som var kalla inn til intervju i første runde. Når to har trekt seg, og tre går vidare, er Hermansen ein av dei aktuelle kandidatane.
Den siste kandidaten har ikkje Grannar fått stadfesta kven er.
Alfabetisk liste over søkjarar til rådmannsjobben i Etne, etter at kravet om at alle måtte vere offentlege kom:
1. Arvid Elvik (54), sosialleiar, Randaberg.
2. Haakon Falk (40), bedrifts rådgjevar, Flekkefjord.
3. Geir Terje Hansen (29), bustadforvaltar, Trondheim.
4. Jan G. Haueng (47), innkjøpsansvarleg, Båsmoen.
5. Kjell Roar Henriksen (50), rådmann, Valldal.
6. Terje Hermansen (53), lærar, Søfteland.
7. Elling Hetland (51), konsti- tuert rådmann, Bjoa.
8. Asbjørn Moe (28), dagleg leiar, Etne.
9. Ståle J. Olsen (42), dagleg leiar, Mandal.
10. Martin Sortland (40), produksjonsmedarbeidar, Bremnes.
11. John-Haakon Wendt (51), løns- og personalsjef, Sand.