Polititillitsvald Terje Aarekol i Ølen, stiller seg undrande til utsagnet, og viser til at det allereie i år forsvinn to stillingar.
Politimester Karl Henrik Sjursen seier til Grannar at budsjettet for 2005 inneheldt nokre opne stillingar, fordi at han ynskte handlefridom i tilfelle justeringar i stillingsrammene.
– Ingenting er bestemt enno, og me arbeider med saken, seier Karl Henrik Sjursen.
Lensmann Ingvar Gjærde ynskjer ikkje å kommentere tvisten.
– Eg må som leiar halde meg til det som politimeisteren har sagt, og ynskjer ikkje å gå inn i denne diskusjonen, seier Ingvar Gjærde.
Tvilar på økonomien
Polititillitsvald i Etne, Ølen og Vindafjord lensmanndistrikt, Terje Aarekol, meiner det er litt rart at politimeisteren seier at ingenting er bestemt, når deira distrikt mistar to stillingar frå og med juli i år.
– Eg tvilar sterkt på at dei stillingane vert ført attende til vårt distrikt seinare, og eg fryktar at dette fører til at endå fleire forsvinn. Det er ikkje særleg lukrativt å jobbe på ein stad som blir nedprioritert, seier han.
Han fortel og at lensmannskontoret i fjor ynskte å søkje etter ein tenestemann til på grunn av mykje arbeid. Dette forslaget vart nedstemt av Sjursen på grunn av dårleg økonomi.
– At det var på grunn av dårleg økonomi har eg liten tru på, fordi fjoråret gjekk utruleg godt. Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt hadde eit overskot på 3,5 millionar i fjor. At politimeisteren planlegg å kjøpe politibåt og har pengar til fleire leiarstillingar i Haugesund, gjer signal om at det ikkje kan vera økonomien det står på, men heller det at han nedprioriterer distrikta, seier Terje Aarekol.
Han seier og at lensmannskontora har slite med rekrutteringa lenge, og at det heilt sikkert berre blir verre no.
Pål Gjil vart tilsett ved nyttår ved Ølen og Vindafjord lensmannskontor. Han fekk eit vikariat på eit halvt år, men hadde saman med kollegaene sine godt von om å få fortsetje.
– Det er svært vanskeleg å få jobb som nyutdanna politimann, så eg var veldig glad for denne jobben. Frå juli står eg på bar bakke att, så eg stressar litt nå, seier Pål Gjil.
Han synest synd på dei som står att med alt arbeidet, og trur at dei vert svært overarbeida etter endringane.
– Det er synd at leiinga overstyrer oss. Dei tappar distrikta og overfører alt til seg sjølv, seier ein oppgitt Pål Gjil.
Ordførarane reagerer
Amund Enge har saman med ordførarkollegaene sine blitt einige om å ha ei samling i neste veke, der dei vil diskutere nedprioriteringa til politimeisteren.
– Dette er eit stort tilbakeskritt, me må for all del behalde dei ressursane me har, seier Amund Enge.
To versjonar av politikutt
Polititillitsvald Terje Aarekol i Ølen, stiller seg undrande til utsagnet, og viser til at det […]