Tobakkdyrking i krigsåra

Fyrst så bygde me eit veksthus på ca 10 m x 5 m, seinare eit […]

Fyrst så bygde me eit veksthus på ca 10 m x 5 m, seinare eit på 30 m. Me dyrka store mengder med tomatplanter, og mange sortar blomsterplanter og grønsakplanter. Det var lite tobakk å få i butikkane så lenge krigen varte. Det vart såleis stor etterspurnad etter heimedyrka tobakk.
Me hadde fleire sortar Havanna, Puerto Rico og bondetobakk. Me dyrka så mykje me vann på, det var lett å bli av med alt me dyrka. Det var ei travel tid for oss. Me stod opp kl. 4 kvar morgon.
Tobakksfrøet vart sådd i januar månad. Det var små frø som vart sådd i kassar som vart sette attmed ein stor vedomn til spiring. Etter spiring vart dei ståande ei god tid til dei var så store at me kunne planta i jordpotter. Me hadde fleire tusen planter. Jordpottene vart laga av ei blanding av kumøkk og finsolda matjord.
Me kjøpte ny pottemaskin med to former med forskjellig storleik. Me hadde 200 drivbenkrammer 175 cm x 100 cm. Det største veksthuset vart brukt til tomatdyrking. Bror min Kristoffer reiste omkring i våre næraste bygder, der tok han opp bestilling på alle dei sorter planter me hadde for sal.
Blomster sende me til Stord Blomsterhandel og til Odda Blomsterhandel.
Grønsakene blei sende til Gartnarhallen i Haugesund og Bergen. Eitt år var me dei som kom med den første spisskålen. Det var streng kontroll med all handel med priskontroll og prispoliti. Det var tyskarane som bestemte alt.
I 1944 flytte me frå Åsheim til Ytre Ness, der me hadde kjøpt ein gard. Me kjøpte då eit nytt drivhus og sette opp der.
Etter ei tid på Ytre Ness, så flytte Kristoffer til Molnes i 1947. Eg vart verande der til 1952, då flytte eg tilbake til Åsheim.
Åsheims Gartneri eksisterte i 10 år, då vart det stroke i registeret. Men eg har i alle år seinare drive med både blomster og grønsaker som hobby.

Ingvald Åsheim