— Fleire har vore borte og fortalt meg at dei er «fan». Slikt blir ein litt flau av, men det er sjølvsagt veldig kjekt, seier Unni Marie Lien.
Unni Marie Lien er framleis i Japan, og kjem heim att på laurdag. I eit reisebreve fortel ho om ein varm velkomst. Salet går strålande, og ho har fått veldig mykje skryt for arbeidet sitt.
Japanarar til Vindafjord
Vidare skriv ho at:«Det som kanskje er enda meir inspirerande er at ho (ei japansk dame som driv med maling) vil samla ei gruppe rosemålarar og koma til Ølen for å få undervisning. Så det blir spanande å sjå kva som skjer. Det var dette eg tenkte kunne bli moro – å få japanarar til Vindafjord!»
Litt sightseeing har ho også fått tid til. Som den kjendisen ho er, bur ho standsmessig.
«Eg er blitt innkvartert i eit luksushotell i 44. etasje. Her er til og med toalettskåla oppvarma! Kan ein bli bortskjemt mon tru?», skriv ho.
Forfølgt
Lien legg vekt på at turen slett ikkje er ein ferietur. Ho arbeidar mykje kvar dag, og den store folkemengda er til tider slitsam. Ho har to vakter som føl ho heile dagen inne på galleriet, og tolken er ho heilt avhengig av. Det blir difor ikkje så mykje aleinetid.
«Ein blir sliten av fleire ting her borte. Ein forstår ikkje kva dei seier, så tolken må vera med heile tida. Ein blir forfølgt heile tida, men ein er jo avhengig av det».
Det verkar som om turen til Japan har stått til forventningane. Turen kan få stor innverknad på framtida til Unni Marie Lien, og avslutninga på brevet frå raudtoppen lovar godt: «Dette byrjar å bli veldig spanande…..».