Tok kosten i eigne hender

Industrivask Haugaland AS er eit positivt unntak. I løpet av eitt år har den nystarta […]

Industrivask Haugaland AS er eit positivt unntak. I løpet av eitt år har den nystarta verksemda gitt arbeid til 16 personar og nærmar seg nå ti årsverk. Hildegunn Åkra og Dag Anders Hornenes var mellom dei som mista jobben då Norway Foods i Skånevik blei lagd ned for nokre år sidan. Då fabrikkdørene stengde, reiste dei til Svolvær og jobba på hermetikkfabrikk der. Men etter ei tid snudde dei nasen sørover igjen for å starta eiga bedrift i heimtraktene.
Dei satsa sin vidare yrkeskarriere på bøtte og vaskekost. Dei starta på null utan kontaktar med andre. Dei innrømmer at det første halve året var tøft med pengar som rasa ut. Men sjølv om det var tungt i startfasen, hadde dei blikket retta framover med tru på at det dei hadde gitt seg i kast med skulle gi resultat. Dei to etablerarane fekk eit godt utgangspunkt med Vest Renhold AS i Bergen som medspelar. Det etablerte Bergens-firmaet har gjennom fleire selskap nærmare 250 tilsette og 25 års erfaring i bransjen. Åkra og Hornenes seier sjølv at samarbeidspartnarane frå Bergen har vore ein viktig nøkkel til at deira firma har komme så pass langt på eitt år.
Når ein startar ei bedrift er det mykje som skal klaffa. Ikkje minst at tidspunktet og produktet er det rette. Litt hell og flaks kan òg vera godt å ta med på kjøpet. Men til sjuande og sist er det innstillinga og pågangsmotet til etablerarane som avgjer om ein lukkast eller ikkje. I ein startfase gjeld det meir enn noko anna å ha tru på det ein har sett i gang, og ikkje gi opp om det går litt tregt i starten. Verksemda til paret frå Skånevik har ikkje sprunge ut av eitt eller anna offentleg prosjekt. Dei har bokstaveleg talt tatt kosten i eigne hender og vaska seg oppover og skapt ei bedrift som i dag tel 16 personar. Og dei har ikkje tenkt å stoppa med det. I desse dagar er dei i ferd med å kapra kundar i Haugesund og utover.