Det gjorde Etne-ordførar Amund Enge saman med sju andre haugalendingar i det lokale realityshowet Vikinggården.
— Du har vel ikkje med deg avisa?
Etne-ordførar, Amund Enge, er svolten på meir enn berre god mat etter åtte dagar som viking på Bukkøy på Avaldsnes. Men han får verken avis eller svar. Deltakarane på den nye storsatsinga til TV-Haugaland, Vikinggården, er skjerma frå alt som føregår utafor garden og får berre kommunisera med vikingane og eit par utvalde i produksjonsteamet.
Amund Enge likte ideen om Vikinggården frå første stund og måtte ikkje bedast to gonger for å bli med.
— Eg brukte ei og ei halv kalori på å bestemma meg for at det ville eg vera med på, seier Amund Enge. Han har blant anna følgt med på realityserien Farmen og fleire gonger tenkt at det hadde vore noko for han, men denne serien passa nok enda betre.
— Eg er jo frå ei vikingbygd, seier han.
Kjende vikingar
Dei åtte illeluktande haugalendingane som har gått tilbake til om lag år 950, inkluderer sjokkrockar Martin Mentzoni, Karmøy KrF-leiar Siv Dorthea Valentinsen, varaordførar Jostein Havnerås, fotballspelar Ferdinand Krohn Haaland, tidlegare stortingspolitikar Inger Stolt-Nilsen, Vard modellmamma Inger Rossebø Knutsen og nattklubbeigar/dyrevernar Elisabeth Ellingsen.
Produksjonsleiar, Eivind Fiksdal, er svært glad for at dei har fått med fleire kjende og seriøse deltakarar, og legg vekt på at dette realityprogrammet ikkje fokuserer på konfliktar slik som mange andre.
På Vikinggården er det oppgåveløysing, og å læra om korleis vikingane levde, som er målet.
— Reality er jo eit tungt belasta begrep, seier han og legg til at det difor er ekstra kult at Amund Enge er med.
— Ein får på ein måte stadfesta seriøsiteten i prosjektet når slike personar er med.
Handy høvding
Amund utmerka seg raskt på vikinggarden og har fått ei slags farsrolle.
— Eg har blitt høvdingen då, kan han fortelja.
— Eg er jo ein slik leiartype, det er heilt naturleg så eg treng ikkje å spela der.
Og kanskje overraskande for nokon, imponerer Amund med sine praktiske eigenskapar på den eine utfordringa etter den andre.
— Han er den største handymannen me har sett, kjem det spontant frå dei andre deltakarane.
Handyman-stempelet er noko som får eit stort glis fram hos Etne-høvdingen.
— Trur du det er nokon som skal bita det i seg? Dei spurte frua kva eg ikkje kom til og klara, og då sa ho: han er i alle fall ingen handyman.
Amund er dermed blitt ein av favorittane til å komma til finalen der han kan vinna ein reisepremie.
Inga godlukt
Deltakarane har måtta jobba hardt for ein heller skral kost, og hygienestandarden er ein heilt annan enn kva me er vane med. Dei første dagane fekk alle deltakarane ein god-morgon klem når Fiksdal kom på jobb. Dette har han gradvis gått bort frå.
— Dei luktar forferdeleg, kan han fortelja – noko som kanskje ikkje er så rart etter at dei har slakta, laga mat og arbeidd så sveitten siler i dei same kleda dag ut og dag inn.
Den største utfordringa for Amund har derimot ikkje vore dei 100 prosent heimelaga brøda han ikkje klarer, det harde arbeidet eller mangelen på kontakt med resten av verda.
— Det å få sova er ei utfordring. Du skal ikkje slarva mykje med halmen før du får ei forferdeleg natt, seier han.
På ein vikinggard var det klare skilje mellom mann og kvinne, noko Inger Rossebø Knutsen synest kan vera vanskeleg.
— Det hardaste er alle handarbeidsoppgåvene. Det er ikkje noko for meg. Eg har lyst til å hiva det veggimellom og nokre gonger er det rett før eg byrjar å grina, fortel ho.
Bogeskyting og hardare fysisk arbeid, freistar mykje meir.
— Eg er glad for at me lever i dag der me kan pusha mannfolka litt, seier ho og legg til at det ser ganske bedageleg ut å vera mann i vikingtida.
Reality for Haugalandet
Vikinggården er storsatsing frå TV-Haugaland si side, som gjennomgår store endringar i desse dagar.
— Eg har brukt 18 månader på dette prosjektet, fortel Fiksdal, som sjølv kom opp med ideen om eit lokalt reality program på vikinggarden.
Ein slik produksjon kostar mykje pengar, og krev store ressursar og Fiksdal er svært takksam for all hjelpa dei har fått frå mellom anna Vikingklubben, medieelevar frå Vardafjell videregående skole, Historiesenteret og Karmøy kommune.
— Utan dei hadde det ikkje gått, seier han.
— Me er trass alt berre lokal-TV.
Fiksdal fortel også at dei jobbar med fleire bi-prosjekt til Vikinggården, og at dei håpar dette skal vera med på å formidla kulturarven frå vikingtida og promotera området.
Vikinggården hadde premiere laurdag 2. september i Frokost-TV-sendinga, og gjekk i reprise søndag kveld. For dei som ikkje får inn TV-Haugaland, vil det vera mogleg å sjå episodane på TV-Haugaland sine nettsider, noko Amund Enge oppfordrar sterkt til.
— Dette blir bra, betre enn Farmen, lovar han.
— Og det er ikkje fordi eg er med.