4. divisjon avd. 2
Ølen stadion
GrannKam –Torvastad 3-3 (1-2)
1-0 (14. min.) Jarle Sjurseike
1-1 (27. min.)
1-2 (44. min.)
1-3 (77. min.)
2-3 (80. min.) sjølvmål
3-3 (88. min.) Bjarte Opsal
Gule kort: Espen Vaka og Jarle Sjurseike, GrannKam.
Dommar: Tony Liestøl, Haugar.
Ved å kapre det eine poenget mot Torvastad kunne GrannKam gå frå Ølen stadion med heva hovud. Av og til smakar uavgjort like godt som siger.
Tok råsjanse
— Det er utruleg godt å lage eit slikt mål nesten i sluttminuttet. Eg hæla ballen med ryggen til, og så går den i mål. Det er også godt med tanke på at vi sjølv har tapt poeng i slutten av kampar, seier Bjarte Opsal.
Midtbanestrategen stod midt i ei mølje etter ein stuss inne i feltet, og hælesparket var ein råsjanse rett før dommaren skulle blåse av kampen. Det var det tredje siste sparket på ballen i ein kamp som plutseleg fekk nerve og spenning heilt mot slutten.
Siste gir
Torvastad var favoritt før kampen, og med to mål i overtak då det var mindre enn eit kvarter igjen, såg det ut til at det skulle bli ein arbeidssiger for Torvastad.
Men GrannKam gav ikkje opp, og press frå Kjell Andre Steinsland og Espen Vaka framprovoserte redusering ved sjølvmål for Torvastad. Dermed var jakta på utlikning i gang dei siste minuttane.
— Det såg ikkje lyst ut, og det gjorde utruleg godt å få dette siste målet. Vi set pris på publikum og eg håpar dei fekk godt betalt med spenning til siste slutt, og mange mål, seier Frank Abelseth, trenar for GrannKam.
GrannKam har fått dei aller fleste måla mot seg på dødball denne sesongen, og det var tema før kampen. Og begge scoringane til Torvastad før pause kom på frispark.
— Dei var frykteleg skuffa over denne jobben, og vi spelte den dårlegaste halvtimen vi har gjort i år etter pause. Difor var det utruleg flott å kome tilbake i slutten av kampen, seier Abelseth.
Stabil førsteelvar er ikkje varemerket til GrannKam. Sist helg reiste dei til Egersund med 12 spelarar der sju var juniorar. Prisen er mangelfull rutine, men for tida er GrannKam flytande på grunn av at juniorane klarer jobben.
Espen Vaka har fått fire gule kort på seks kampar, og i scoringstoppen er Bjarte Opsal og Jarle Sjurseike med tre mål kvar.