Tok premie på heimebane

Utstillinga har aldri gått føre seg i Etne før, derfor er Helle Larsen spesielt glad […]

Utstillinga har aldri gått føre seg i Etne før, derfor er Helle Larsen spesielt glad for at Norsk ponniavlsforening ville arrangere utstillinga her.
— Vestlandet har dei beste ponniane i landet, derfor var det kjekt at Etne denne gongen skulle få arrangere ein av dei fleire utstillingane Norsk ponniavlsforening har.
Det kom ti ponniar med føl, blant anna heilt frå Røldal og Sandnes. Larsen synest det er bra at ei lita bygd som Etne klarer å få til ei utstilling, mens stadar som Stavanger slit med å få nok påmeldingar til ei utstilling.
— Det er nok ikkje siste gongen det blir arrangert ponniutstilling her i Etne, seier Larsen.

Dommar frå Austlandet

Vermund Lyngstad kom over fjellet frå Austlandet for å dømme dei vestlandske ponniane. Han hadde aldri vore innover på Vestlandet før, og syntes det var fint her.
— Det var ei hyggeleg utstilling med mange fine ponniar. Veldig flott at ein så liten stad kunne ha ei utstilling med så bra kvalitet.
Lyngstad gav fleire gonger uttrykk for at det var vanskeleg å kåre ein vinnar i dei forskjellige klassane.
— Det var ein jamn klasse med god kvalitet. Derfor blei det naturligvis vanskelig å kåre dei aller beste, seier Vermund Lyngstad. Kva type ponni det var, og bevegelse var viktige punkt når det gjaldt dømming av ponniane.

Best i landet

Helle Larsen driv ikkje berre med ponniar. Ho har også fleire hestar som har ei lang merittliste. For både hingsten og hoppa hennar er kåra til dei beste i heile Noreg.
— Eg må seie meg stolt over å ha dei beste hestane i landet her heime på garden. Men det er mykje arbeid, frå morgon til kveld, seier Helle Larsen.

Vidare til landsfinalen

I klassen hingsteføl vann Larsen både første og andre plass. Førsteplassen gjekk til sportsponnien Molinas Di Caprio, mens andreplassen gjekk til welshponnien Molinas Stardust.
I klassen hoppeføl gjekk Hilde Solberg frå Røldal av med sigeren med welshponnien Storhaugs Tia, som også vann premie for dagens beste hest samanlagt. Andreplassen gjekk til Roald og Anne Reidun Skogland frå Haugesund med shetlandsponnien Skogheims Finess.
Av dei premierte ponniane, går to av dei vidare til ein landsfinale i Tønsberg i oktober.