Tok sølv i stafett

Etter ein spanande kamp på kvar etappe vart det heile avslutta på ein dramatisk måte […]

Etter ein spanande kamp på kvar etappe vart det heile avslutta på ein dramatisk måte på siste etappe. Den klare favoritten OK Ålgård som leia heile stafetten med god margin frå første etappe, opplevde at ankeretappeløparen ramla og pådrog seg hjernerysting tidleg på etappen. Vikebygd IL med Jon Magne Svendsbøe som gjekk ut på siste etappe på 4. plass, og sikra sølvet minuttet bak vinnaren Sandnes IL. Einar Martinsen sprang jamnt godt på første etappe, og Jan Frode Seim avanserte frå 5. til 4. plass på sin andre etappe.
Også Vikebygd IL/IL Gular sitt kombilag i Open klasse gjennomførte ein flott stafett og vart krona med siger. Etter at junioren Einar Marius Hjellestad Martinsen knuste feltet på første etappe, var resten ein parademarsj for Birgitte Torbjørnsen på andre og Harald Steinsland på siste etappe. Sikker orientering og tilpassa fart var den vellukka oppskrifta for begge laga til Vikebygd i det kuperte terrenget sør for Ålgård.
På laurdagens individuelle KM Lang distanse, hadde Harald Steinsland stor nytte av sin sikre orienteringsteknikk. Det vart sølvmedalje i H60 etter at fleire av dei hardaste konkurrentane hadde bomma på postane. Jon Magne Svendsbøe sprang inn til 4. plass i seniorklassen H21. Same plassering fekk Einar Marius Hjellestad Martinsen i H15-16. I klasse H40 fekk Jan Frode Seim 4. plass og Einar Martinsen 6. plass.