Tok stort kvantum piller

Skapet vart tømt for tablettar, deriblant narkotiske pillar. Ifølgje politibetjent Roger Løkken ved Vindafjord lensmannskontor […]

Skapet vart tømt for tablettar, deriblant narkotiske pillar. Ifølgje politibetjent Roger Løkken ved Vindafjord lensmannskontor var det eit betydeleg kvantum med tablettar i skapet. Men det viste seg at det var ein klient ved ABR-sentret som stod bak innbrotet. Ein 30 år gammal mann vart nemleg oppdaga på fersk gjerning då han var i ferd med å ta seg inn igjen på rommet sitt gjennom vindauget om natta. Ein brannalarm klokka 05.30 vekte nemleg ein tilsett ved senteret som oppdaga mannen. Han vart pågripen laurdag og frakta til politihuset i Haugesund der han vart avhøyrt. Bergensaren erkjende at han stod bak innbrotet, og vart deretter sleppt laus frå politiet sin varetekt.