Poenget mot tabelltoar Torvastad smakte også godt for sjølvtilliten i laget i serieinnspurten. GrannKam reiste også til Karmøy med eit lite handikapp i og med at kampen vart spelt på kunstgras.
— Det var veldig bra at vi klarte eitt poeng mot Torvastad. Det kan bli eit viktig poeng for å unngå kvalifiseringskampar for å forsvare plassen i divisjonen. Vi stilte med eit reservespekka lag der fem juniorar starta kampen. Vi har framleis ikkje sikker plass, men sjansen er blitt større for at vi skal klare oss, seier GrannKam-trenar Ståle Berge.
Litt å gå på
— Vi trong ein opptur etter nederlaget mot Kolnes. Med tre poeng neste helg er vi sikker, men vi treng truleg ikkje vinne nokon av dei to siste kampane for å vere sikra, men vi bør ta poeng, seier Berge.
GrannKam er i dag på sjuandeplass på tabellen. Det er fire poeng ned til Skudenes og Madla på plassane under. GrannKam må sørge for at i alle fall ikkje meir enn eitt av desse to laga passerer i innspurten.
Skremselet er å rykke to plassar ned på tabellen og dermed måtte spele kvalifisering for å få bli i divisjonen.
Må vere uheldig
Madla har tre kampar igjen, Skudenes og GrannKam to. Men sidan Madla og Skudenes har eit innbyrdes oppgjer igjen, og GrannKam også skal møte Madla, skal GrannKam vere kanskje uheldig dersom dei ikkje sikrar seg i avdelinga.
Første kamp er mot Djerv 1919 på Ølen stadion på laurdag. Djerv har to poeng meir enn GrannKam, og det er på papiret eit ganske jamt oppgjer.
Berge gir seg
For trenar Ståle Berge ville det vere ei avklaring å ta tre poeng. Dermed er han sikre at laget han forlét blir i 4. divisjon. Berge har trena GrannKam i tre år og han vil gi seg etter denne sesongen. GrannKam er alt på trenarjakt.
Tok viktig poeng
Poenget mot tabelltoar Torvastad smakte også godt for sjølvtilliten i laget i serieinnspurten. GrannKam reiste […]