Håvard Østrem i Håvard Østrem Maskin i Etne fortel at han begynte å slå 23. mai i år. Dette er veldig tidleg. Det er få år slåtten har begynt før i juni månad på våre kantar. Onsdag i denne veka var Håvard Østrem i full gang på Enge. Han fortel om lite gras.
— Graset begynte å svi mange stadar. Det er nok difor slåtten alt er i full gang, seier han.
Dette bekreftar ringleiar Harald Hetland i Haugaland Landbruksrådgjeving. Han seier at graset nok ikkje er klart for slått endå, men grunna tørken begynner graset å minke inn og må takast. Dette gjeld særleg på tørkesvak jord og sandjord, pluss når ein har spesielle grasslag. Han fortel at fleire bønder i Ølensvåg og Vats også har begynt å slå.
— Dette er rekordtidleg, seier han.
Tørke gir rekordtidleg slått
Håvard Østrem i Håvard Østrem Maskin i Etne fortel at han begynte å slå 23. […]