Trafikktryggleik på E 134 Espelandssvingane i Ølensvåg

For fleire år sidan blei det bygd gang- og sykkelveg så vel frå Ølensvåg som […]

For fleire år sidan blei det bygd gang- og sykkelveg så vel frå Ølensvåg som frå fylkesgrensa. Parsellen som står att er om lag midt mellom Ølensvåg og tidlegare fylkesgrense. Det er ei kjent sak at E 134 her er lite eigna for fotgjengarar og syklistar. Det er og like kjent at det opp gjennom åra er utarbeidd mange planar og gitt mange lovnader om fullføring av trafikksikringsarbeidet. Sist saka blei utgreidd la Statens Vegvesen fram planar om full omlegging av E 134 og tilhørande gang- og sykkelveg.
Dette er ei løysing som sikkert er svært god både på kort og lang sikt om ho blir bygd. Kostnadane er likevel så store at det er heilt i det blå når dette kan skje. Dermed blir den svært gode løysinga ei svært dårleg løysing. Når vegvesenet gjer framlegg om totalløysing til fleira titals millionar kroner, må dette tyde på at trafikksituasjonen blir vurdert å vera svært lite tilfredsstillande i dag.
Kva er naturleg å gjera når det ikkje er samsvar mellom den aktuelle trafikktekniske standarden og økonomisk evne til å gjennomføra ei fullgod løysing?
Vi foreslår at det nå blir lagt fram ein plan for tiltak som kan setjast i verk på kort sikt. Kvifor ikkje la E 134 som bilveg ligge som han ligg og prøva løysa problema for dei som syklar og dei som går? Det er dette som har vore lokalsamfunnet sitt primære ynskje og krav i alle år. Det som det ikkje er mogeleg å bygga ein gang- og sykkelveg ved sida av bilvegen må det leggjast fram dokumentasjon som viser at det er slik. Det er ikkje nok med påstandar om dårleg grunn.
Det er staten som har ansvaret for trafikktryggleiken på riksveg. Vegvesenet har gitt krava til vegstandard på nye vegar og har kompetansen til å vurdera så vel byggetekniske som trafikktekniske deler av eit byggeprosjekt. Vi er sjølvsagt interesserte i at det blir bygd vegar av høg standar, men det må likevel ikkje vera slik at kravet om det beste blir til hinder for dei gode løysingane.
Vegvesenet kan, om dei vil, fråvika krava til fullgod standard, og vegvesenet kan gå inn i samarbeid med lokale styresmakter og interessentar om gode og praktisk gjennomførlige løysingar for gang- og sykkelvegen.
La oss få eit framlegg nå!

Karl J. Granberg
Formann, Folkets Røst Vindafjord