Det var bakre delen av eit vogntog med slakteklare sauer på veg frå Voss til Fatland Ølen som velta. Føraren kom uskadd frå hendinga, men fire av sauene var så skadde at dei måtte avlivast. Resten av saueflokken fekk ein liten pause i Stordalen før vegen bar vidare til slakthuset.
Køyrde om Skånevik
Politiet varsla om vegstenginga på radio og til aktuelle ferjesamband, og mange snudde i køane og køyrde om Skånevik. Likevel bygde det seg raskt opp ein bilkø på eit par kilometer vestover mot Norheimstranda.
Etter at vogntoget velta klokka kvart over tre, var vegen stengt i halvannan time. Etter at eine vegbana var rydda, dirigerte politiet vanlege personbilar forbi. Tidleg på kvelden var europavegen stengt i ein time, medan ein kranbil frakta dyretilhengjaren bort.
— Sjåføren opplyste at han hadde møtt ein stor lastebil på den smale vegen. Han hevda at han hadde fått hjula utanfor vegbana. Han greidde å halda trekkvogna på vegen, men tilhengjaren velta, opplyser lensmann Jan Erik Matre.
Politiet etterforskar hendinga som ei vanleg trafikksak. Lensmann Matre karakteriserer trailervelten som eit uhell, og med dei opplysningane som låg føre fredag, såg han ikkje føre seg at det er aktuelt med straffereaksjonar frå politiet si side.