Trakka i kraftsalaten

Rådmannen for Nye Vindafjord har etter påtrykk frå Vindafjord laga eit notat om kommunane sine […]

Rådmannen for Nye Vindafjord har etter påtrykk frå Vindafjord laga eit notat om kommunane sine inntekter frå kraftselskapa. Det har som kjent skapt misnøye hos ein del i Vindafjord at 7-9 millionar kroner i utbytte frå Haugaland Kraft AS går rett i kommunekassa, og dermed i kassa til den nye kommunen der Ølen er med. Skånevik Ølen Kraftlag er derimot eit privat samvirkelag der både abonnentar og lokalsamfunn får gode av ei delvis velfylt kasse. Vindafjord vil naturleg nok ikkje få del i SØK sine pengar når nye Vindafjord er eit faktum.
Inn i privat selskap
Denne forskjellen har skapt grobotn for misnøye i Vindafjord, kanskje først og fremst fordi Ølen får del i kraftmillionar, medan Ølen ikkje har eit tilsvarande bidrag når det gjeld ekstraordinære inntekter.
Lokalpolitikarane i Ølen har kontant avvist eit forslag prosjektleiar Helge Thorheim la fram for fellesnemnda for dei to kommunane. Han gjekk til det uvanlege skrittet å foreslå at kommunen skulle blande seg inn i eit privat selskap. I hans modell for å skape likeverd mellom kommunane, skulle SØK avskaffe kjøpeutbyttet til abonnentane, og overføre til den nye kommunen å disponere over bygdemidlane SØK deler ut til ulike tiltak kvart år.
— Fellesnemnda vedtok å ta notatet til etterretning. Det vil vel i praksis seie å leggje det dødt. Det er greitt å få avklara at dette ikkje er ein farbar veg å arbeide vidare med denne saka, men eg er litt skuffa over av-visinga. No blir det opp til politikarane i Vindafjord å vurdere kva vi skal gjere med inntektene frå Haugaland Kraft, seier ordførar Reidar Håvås i Vindafjord.
Han opplever at mange i Vindafjord meiner politikarane må gjere noko for å synleggjere kva pengane frå Haugaland Kraft blir brukte til. Sjølv om SØK er eit privat selskap, meiner han forskjellen i praksis ikkje er stor sidan det er folk og bygder i Ølen som får del i utbyttet.
— Det blir ei sak om dette til hausten. Eg er for å syn-leggjere bruken av våre kraft-pengar på same måten som i SØK. Men målet er ikkje å favorisere gamle Vindafjord. Utbyttet frå Haugaland Kraft skal kome nye Vindafjord til nytte, seier han.
Han har i dag inga formeining om korleis bruken av kraftmillionane skal organiserast som eit sjølvstendig kapittel i den nye kommunen.