Trassa regnet og stilte på ski

— Me er kjempefornøgde med oppmøtet, seier Jon Oddvin Moe, leiar i skigruppa i Etne […]

— Me er kjempefornøgde med oppmøtet, seier Jon Oddvin Moe, leiar i skigruppa i Etne IL.
Sjølv om vêret ikkje var tipp topp, er Moe likevel nøgd når han tar måndagens regnvêr i betraktning.
— Eg rosar folk for at dei stilte opp. Me har så få snødagar at me må nytta dei me har, seier Moe.
Rennet var hovudsakleg for barn, og dei fleste deltakarane var under åtte år. I tillegg deltok seks vaksne.
Skigruppa har få aktive medlemmer, og jobbar nå med å bygga opp skimiljøet i Etne.
— Me må prøva å få til fleire renn, men det er veldig vêravhengig. Me slit med milde vintrar, seier Moe.
Neste mål er Etnefjellsturen 19. mars som skigruppa arrangerer i samarbeid med Etne Røde Kors. Dei siste åra har ein kunna gå Etnefjellsturen frå både Opheim og Fjellstøl, men nå blir ruta endra.
— Frå i år av flyttar me den tilbake til Kritle og lagar ei løype der oppe, seier Moe.
Turen er om lag to mil og i år blir det berre mosjonsklasse.