Travelt for nytt vertskap

Vibeke Sævareid (31) er Odda-jente, og innrømmer at ho var litt spent då ho flytta […]

Vibeke Sævareid (31) er Odda-jente, og innrømmer at ho var litt spent då ho flytta frå Odda til Kyrping, der ho saman med mannen Oddbjørn Sævareid (38) tok over drifta av den tradisjonsrike Kyrping Camping frå nyttår i år. Ho kjem frå jobb i Medisinsk kontortjeneste i Odda, og er gjennom denne verksemda kjent med servicenæringa. Han skal kombinere drifta av campingplassen med jobb i Nordsjøen. Dei har to barn, ein gut på 11 år og ei jente på 8 år.
— Vi var særleg spente på korleis barna ville finne seg til rette her, ikkje minst når det gjeld skifte av skule. Men det har gått over all forventing. Begge trivst kjempegodt, og særleg godt har dei funne seg til rette på skulen på Enge. Det var veldig viktig for oss at barna skulle like seg, og det har dei heldigvis gjort, seier Vibeke Sævareid.

Travelt
Sjølv om dei tok over drifta på campingplassen under ei stille tid, har dei hatt nok å henge fingrane i.
— Her er det ope heile året, men travlaste tida er frå nå og ut oktober. Men likevel har det vore mykje å gjere etter at vi kom hit, fortel dei. Drifta vil bli som før, men nokre nye tankar om framtida har dukka opp etter kvart, utan at dei blir realiserte endå. Det er mykje å setje seg inn i både når det gjeld drifta av campingplassen, butikken og kafeen. Med seg vil dei ha litt leigehjelp, i tillegg til eit polsk ektepar som dei alt har tilsett.
Kafeen har plass til om lag 25 personar. Her vil dei stort sett servere gatekjøkenmat. Dei har øl- og vinservering.

For barna
Fiske i fjorden, båtutleige og båtplassar er hovudattraksjonane ved campingplassen. Mange av gjestane er tyske turistar som likar seg på fjorden. Desse vil dei framleis satse på.
Elles vil det nye vertskapet leggje vekt på å gjere det triveleg for gjestene, kontakten med gjestene har alltid vore viktig på Kyrping Camping. Slik campingplassen ligg i naturskjønne omgjevnadar ved fjorden, finn gjestane seg lett til rette og kjem igjen år etter år.
— Det vi veit nå, er at vi vil lage til litt ekstra, og særleg for barna både til St. Hans og Olsok, elles må ting kome litt etter kvart, seier Vibeke og Oddbjørn Sævareid, som ser fram til å drive den tradisjonsrike campingplassen på Kyrping vidare.