Tre innbrot på halvannan månad

Natt til torsdag har uvedkomande vore inne i Vik barnehage i Vikebygd. Ei glasrute er […]

Natt til torsdag har uvedkomande vore inne i Vik barnehage i Vikebygd. Ei glasrute er knust, og folk har vore inne. Juletreet innanfor vindauga var velta. Ingenting var borte frå barnehagen, men det var tydeleg spor etter uvedkomande, som hadde kome seg ut gjennom døra.
Dette er tredje gong på halvannan månad at nokon gjer hærverk i Vik barnehage. Først vart ei glasrute knust slik som nå, og uvedkomande hadde vore inne. Andre gong var det gjort ugagn i hønsehuset.
Ingen av gongene er det teke noko, men dei tilsette i barnehagen synest sjølvsagt dette er utriveleg.
Nå er det papp framfor to vindauga i barnehagen.
Folk frå lensmannskontoret var på staden torsdag og sikra spor. Politiet håper å kome til botnar i saka. Har nokon sett ting som kan setjast i samband med hendingane, er lensmannskontoret takksam for å få melding om det.