Politiet har no frigitt namna på dei omkomne etter ulykka. Det er Anne Christine Hervik (21) frå Tysvær, Siv Therese Hovland Simonsen (23) frå Sveio og Jarle Gåsland (31) frå Sveio.
To personbilar og ein trailer var involvert i kollisjonen. Til saman var det fem personar i dei tre bilane. To av dei omkomne døydde på staden, medan ein person vart sendt til Universitetssjukehuset i Stavanger med store skader torsdag kveld. Han døydde seinare av skadane han pådrog seg. To personar kom frå ulykka utan fysiske skader.
— Politiet fekk melding om ulykka klokka 17.35. Då me kom fram til staden sat to personar fastklemte i bilane og redningsarbeid vart sett i gong, opplyser operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Rv 46 ved Vikedal var stengt i lengre tid torsdag kveld medan redningsarbeidet stod på, og vart først opna for trafikk i 23-tida.
Tre mista livet etter kollisjon
Politiet har no frigitt namna på dei omkomne etter ulykka. Det er Anne Christine Hervik […]