Demonstrerte gammalt handverk

Folk stimla seg saman inne i festivaltelta mellom dei kraftige regnbyene som prega helga. Konserten […]

Folk stimla seg saman inne i festivaltelta mellom dei kraftige regnbyene som prega helga. Konserten med Maria Toresen og bandet hennar laurdag føremiddag var eit av høgdepunkta. Ho samla fullt telt og skapte høg temperatur. Mange av dei yngste stilte seg i kø før konsertstart for å få autografar.
Lukta av nybakst frå det tradisjonelle kaibakeriet trekte folk, som det alltid gjer, og rykande ferske bollar gjekk unna. Folk rusla langs kaien, med eller utan paraply, og tok inn den maritime og nostalgiske stemninga som gamle båtar skapte. Mange besøkte stasskipet «Salten» frå Stavanger. Der var det både restaurant og ei utstilling kring den lokale kysthistoria ombord.
Gamle båtar
— Båten er 80 prosent ferdigrestaurert. Dette var ein veldig fin båt i si tid. Den var Trosvig Verft sin juvel. Den har gått som hurtigrute og skuleskip, medan den har vore veteranbåt i Stavanger dei ni siste åra, fortel Alf Kåre Olavesen, dagleg leiar på «Salten».
Han viser fram utstillinga ombord, og han fortel at den er laga som ein søknad om eit maritimt arrangement til kulturbyfeiringa i Stavanger i 2008.
Utanfor «Brødrene af Sand» rusla to gode vener av jekta, Kjell Årtun og Oddmund Rødne. Dei delte ut informasjon om den gamle seglbåten.
— Me brukte cirka fire timer på turen frå Sand og hit. Me brukte vindføring heile tida og måtte krysse fjorden nokon gonger, fortel Rødne.
Årtun fortel at han sigla med båten i ungdomsåra. Den gongen frakta dei trelast.
— Dette er ein livsstil. Sjela mi ligg her, seier han om båten.
Ntt tredjeplass og 75 av 80 poeng.
— Dei var nære på å vinne. Dei trudde dei hadde alt rett, og vart nok skuffa når det synte seg at så ikkje var tilfelle. Nå vil dei gjerne stille opp og hjelpe dei som blir med neste år, seier Kari Johansson, som meiner den spesielle forma oppgåvene har, er med og krydrar opp matematikken, og gjer faget meir engasjerande.
— Det er fint med slike drypp av og til, seier ho.

Stimulerer matte
Kari Johansson fortel at Skånevik skule stimulerer matematikkfaget på forskjellige måtar. Ho meiner også fleire liker dette faget, enn dei gjorde for nokre år sidan.
— Vi prøver å fokusere på faget. I adventstida før jul i fjor, laga vi ein matematisk julekalender for ungdomsskulen. Her laga vi ei ny oppgåve for kvar dag. Dei som hadde minst 10 rette svar, fekk vere med på ei trekning av ein fin premie, fortel ho.
Skulen arrangerer også matematikkens dag. Dette er ein dag der forskjellige matematiske aktivitetar er innhaldet heile dagen. Alle klassetrinn er med, og elevane er innom tre ulike aktivitetar, spel, problemløysing og laging av flotte geometriske figurar. Desse siste er utstilte i ein monter i inngangspartiet på skulen.