Tredje runde i Vestlandsmeisterskapet

Heile 33 påmelde stilte i klassen 8-10 år. I den yngste klassen 5-7 år deltok […]

Heile 33 påmelde stilte i klassen 8-10 år. I den yngste klassen 5-7 år deltok 16 kjørarar og 27 kjørarar stilte i klassen 10-12 år.
Helgas store prestasjon stod Marius Rippel Jensen frå Stord MX Klubb for i klassen 13-16 år. På sin 85 kubikk sykkel leverte han råsterk kjøring på godt nasjonalt nivå. Berre dei raskaste eldre kjørarane med sine 250 og 450 kubikk store crossyklar klarte å tukte rundetidene til den unge stordkjøraren.
Ronny Veum frå Stord MX Klubb leverte solid kjøring i seniorklassen og tok ein klar førsteplass. Men han var ikkje den einaste frå familien Veum som tok ein pallplassering. Også broren Edvin hevda seg og enda som nummer tre i den ni mann store klassen.
Vidar Janson frå arrangørklubben Sauda Motocross Klubb kjørte av banen. Men Janson ville ikkje skuffe heimepublikummet og kjørte seg imponerande opp frå sjuande plass til andre plass.
Morten Bragestad frå NMK Kongsvinger låg lenge i tetkampen i seniorklassen. Men Bragestad kjørte halvvegs gjennom eit tregjerde og sykkelen stod bom fast i gjerdet. Kongsvingerkjøraren måtte seinare bryte.
Tomas Klingsheim frå Bybergsanden MX Klubb kontrollerte A-finalen i juniorklassen og vann framfor Alexander Aasheim frå Bømlo MX Klubb.
I dameklassen gjekk Katrine Rye-Holmboe frå Sotra MX Klubb til topps, medan Magnus Nordmark, Bybergsanden MX Klubb, leverte solid kjøring i klassen senior 40 pluss.
Med 3-400 tilskodarar i helga, klarte ikkje Sauda Motocross Klubb å følge opp publikumsrekorden med 1000 tilskodarar frå i fjor. Men løpsleiar Bjarte Lygre er likevel svært fornøgd med arrangementet.
— Bortsett frå nokre småskader, hadde me ingen alvorlege situasjonar. Arrangementet gjekk svært godt, seier Bjarte Lygre, som kan registrere at deltakartalet har blitt dobla sidan den unge motocrossklubben innerst i Rogaland arrangerte Vestlandsmeisterskapet for første gong i 2004.
Arrangørklubben stilte med ein svært godt preparert bane og eit solid støtteapparat. Sandeid krinsfengsel stilte med 13 innsette søndag og åtte laurdag for å hjelpe til som banemannskap.
Helgas arrangement var tredje runde av totalt seks løp som inngår i Vestlandsmeisterskapet.