Tredjeplass i Sørlandscup

Den største pokalen av dei lokale laga var det smågutelaget til Etne som fekk med […]

Den største pokalen av dei lokale laga var det smågutelaget til Etne som fekk med seg heim. Dei starta forsiktig med uavgjort mot Bjerkreim, men slo heimelaget Birkenes i andre kampen. Den tredje kampen gjekk mot Staal, og nettopp dette laget skulle vise seg å bli dei vanskelegaste motstandarane. Siste kampen i innleiande runde gjekk mot naboane frå Ølen, og med tapet i heimeserien denne våren, var ikkje resultatet her gitt. Men det viste seg at denne gongen var det Etne-gutane som drog det lengste strået. 2-1 til Etne var resultatet, og dermed måtte Ølen ut i kvalifisering framfor finaleomgangane. Men Ølen kom seg vidare på antal hjørnespark, etter ein uavgjort kamp mot Fitjar. Dermed vart det kvartfinale, der dei tapte. I Etne-leiren vart både bart og skjegg satsa på at dette skulle gå vegen, og då sigeren mot Nærbø var eit faktum tysdag føremiddag, var stemninga i campingleiren høg. Men så vart det møte med Staal igjen i semifinalen, og det nærmast hagla med baklengs i første omgang. Resultatet vart 6-1 i Staal sitt favør, men laget fekk med seg ein flott pokal for tredjeplassen i turneringa. I tillegg vart smågutane til Etne nummer to i straffespark-konkurransen.
Etne-jentene fekk begge med seg pokalar etter tap i kvartfinalane.
Elles er jo Sørlandscupen ein stor sosial happening for både foreldre og småsøsken, og ein av foreldra, Elsebeth Heggelund, kan ikkje understreke nok kor fantastisk mange flotte, flinke og kjekke ungdommar det er å reise på tur med.

Glade gutar etter tredjeplassen i Sørlandscup. Bak f.v. Øystein Birkenes, Tor Reidar Børve, Thomas Fosse, Simen Adolfsen, Bjørn Tore Grønstad, Tjerand Silde, Even Handeland, Thomas Krokå. Framme f.v. Lars Lunda Eintveit, Åsmund Hovda, Kjartan Moe Strømø, Jostein Birkenes, Knut Arvid Frøland, Eirik Haugen, Iben Skogen. Liggjande framme med pokalen Ole Johannes Engdal.
Foto: Marit Matre Birkenes