Treg lokal post

Ifølgje Vegvesenet legg potensielle samarbeidspartnarar inn ein tidsmargin fordi dei ikkje stolar på Posten. Dette […]

Ifølgje Vegvesenet legg potensielle samarbeidspartnarar inn ein tidsmargin fordi dei ikkje stolar på Posten. Dette er eitt av mange døme på at kundar både er skuffa og lite tilfredse med postverket.

Avisa Nationen presenterte denne veka ein posttest der 18 personar frå Kirkenes i nord til Grimstad i sør sende brev på kryss og tvers til kvarandre. Eitt av tre brev kom ikkje fram over natta slik dei skal.
Ordførar Amund Enge i Etne var ein av deltakarane i testen. Han opplevde at brev han sende til andre regionar stort sett kom fram, men brevet han sende til seg sjølv brukte tre dagar. Heile testen stadfesta ein tendens til at lokal post går tregast.
Det er ikkje akseptabelt at det tar ei veke å få ein pakke frå Haugesund til Åkrafjorden slik vi har sett døme på tidlegare. Heller ikkje at eit brev internt i Etne brukar tre dagar. Det viser at den sentraliserte sorteringa der brev og pakkar blir sende fram og tilbake, ikkje fungerer godt nok. Trass i lovnader frå eit sentraliseringsivrig postverk.

Etne-ordføraren har heilt rett når han hevdar at sentralisering og innsparingar i Posten har gått for langt. Kravet hans om at Posten må satse på kvalitet framover, er difor rimeleg. I praksis vil det seie at folk får posten når dei skal.
Posten har vedgått at det var problem med postgangen i fjor. Noko anna var ikkje å vente når selskapet ikkje klarte konsesjonskravet om at 85 prosent av A-posten skal vere framme dagen etter.
Posten Norge AS hadde 1,2 milliardar kroner i overskot før skatt i fjor. Selskapet burde kanskje bytte litt av overskotet inn i å oppfylle samfunnsoppdraget sitt på ein betre måte