Trenarjakt i Skjoldar/Vats 94

Linda Worre Bråtveit var førstekandidat til trenarjobben, men ho har takka ja til ein trenarjobb […]

Linda Worre Bråtveit var førstekandidat til trenarjobben, men ho har takka ja til ein trenarjobb på Randaberg neste sesong.
— Me jobbar kontinuerlig med å finna trenar. Det er for tidleg å gå ut med noko namn, men me jobbar med ei 2 –delt løysing. Det vil seie at to personar går saman og samarbeidar om trenarjobben, seier Kåre Haugen, dagleg leiar i Skjoldar IL.
Treningane for neste års sesong startar opp i januar, så det byrjar å hasta med å finna trenar.
— Eg trur det kjem til ordna seg. Sjølv om ingenting er avgjort enda, er fleire personar positive til ein slik jobb. Mest sannsynleg vil me ha klart eit namn, eller eventuelt fleire namn, i slutten av november eller i byrjinga på desember, seier han.
Namnet på fotballaget blir Skjoldar/Vats 94.