Treng eit berekraftig jordbruk

Det har i mange år vore for låge inntekter, då produksjonskostnadene har stege ganske kraftig, […]

Det har i mange år vore for låge inntekter, då produksjonskostnadene har stege ganske kraftig, men matvarene som bonden produserer har vore dei same sidan 1995. Det er viktig nå då det er for lite mat produ­sert på verdsbasis og matvareprisane stiger. Vi kan også risikera importstopp på ymse varer. Det kan vera fornuftig å satsa på matproduksjon i Noreg, både økonomisk beredskapsmessig, og god kvalitet. Det må bli gode økonomiske forhold så ein sik­rar nok rekruttering til jordbruket.
Ein ernæringsekspert har rekna ut at var all jord og mulig­heiter utnytta, og med eit meir sunt kosthald, så kunne norsk jordbruk skaffa nok mat til 12 millionar menneske.
I okkupasjonstida 1940-45 då importen stoppe opp, var det godt å ha det norske jordbruket. Då hadde ein ikkje dei gode maskiner ein har i dag og produksjonsmidlane var det lite av også.
Då mange svelt i dag avdi det er for lite matvarer som blir produserte, og prisane stig. Folk i dei fattige landa har så liten betaling for arbeidet at løna ikkje strekk til nok mat. Godane er ikkje rettferdig fordelte. Etter lønene, så har Norge verdens billigste mat. For pensjonistar og låglønte ca. 10 prosent av inntekta og for vanlege lønnsmottakarar om lag 5 prosent. Så i Norge er det ikkje nokon fare om matvarene stig noko. Vi har råd til å betala meir for maten.
Då Norge er eit høgkostland med høge lønningar, vert prisane høge på maskiner og reiskap til jordbruket. Kraftfor og gjødsel er også dyrt.
Kunne omsetningsutgiftene reduserast ein del, kunne bøndene få meir for matvarene dei produserer utan at forbrukarane betalte meir. Det er stor forskjell på prisen til bonden og prisen til for­brukaren. For eksempel mjølk får bonden litt over 4 kroner per liter, men utsalsprisen i forretning 12-14 kr literen, og slik er det med dei fleste matvarene.
Vonar vi får eit sterkt, godt og berekraftig jordbruk som kan produsera den mat som det norske folk har behov for. Import er usikkert.
Det er også mange andre gode jordbruket kan tilføra samfunnet utan om det å produsera mat.

Anders Lærdal