Treng fleire på laget

Dei kjempegode resultata fotballjentene og fotballgutane frå Etne har oppnådd er blitt lagt merke til. […]

Dei kjempegode resultata fotballjentene og fotballgutane frå Etne har oppnådd er blitt lagt merke til.
Medieomtale dei siste vekene er ei stadfesting for alle trenarar, lagleiarar og styret i fotballgruppa, at dei siste års konstruktive arbeid bærer frukter.
Årsaka til denne suksessen er først og fremst ein fantastisk innsats frå alle spelarar og støtteapparatet rundt laga. Innsatsen har konsentrert seg om det sportslige og sosiale, dette på grunn av at fotballgruppa har ein sunn økonomi.
Årsaka til den sunne økonomien, er at fotballen i Etne konsentrerer det inntektsgivande arbeidet sitt om Etne Cup. Etne Cup er populær og blir lagt merke til i heile Hordaland og Rogaland. Arrangementet er eit kvalitetsprodukt som næringslivet ser verdien av og deltar i med store sponsormidlar. Midlar som næringslivet etter eige utsegn føler at dei får noko igjen for.
Overskotet av Etne Cup er ryggraden i fotballgruppa sin økonomi. Konsentrert innsats frå alle i nokon hektiske dagar under Cupen, er grunnlaget for suksessen. Denne heilhjarta innsatsen sikrar kvaliteten for arrangementet og utan kvalitet vil ikkje laga komme igjen år etter år. Det at me konsentrerer oss om få, men inntektsgivande arrangement, frigjev foreldre og laget frå kakelotteri og liknande arrangement for å få nok inntekter til drifta. Slik som me har det nå kan lagleiinga ta seg av det sportslege, som tydeleg har gitt og vil framleis gje fotballen i Etne framgang.
Eit arrangement som Etne Cup krev at nokon administrerar. Administrasjonsarbeidet må gjerast gjennom heile året, og til dette arbeidet treng me fleire personar. I dagens Grannar er det ei annonse der vi søkjer etter personar som kan tenkje seg å være med i administrasjonsarbeidet. Etne Cup har bruk for fleire folk og vi er sikre på at det finns personar som godt kunne tenkje seg å ta eit tak, men aldri har blitt spurt.
Ta kontakt, du vil ikkje angre på å gjera ein samfunnsnyttig innsats (Sosial hygge følgjer med gratis).

Helsing styret i Etne Cup 2006