Treng politihjelp kvar helg

I helga var fem-seks personar innblanda i eit gjengslagsmål i Ølen. Dette er berre eit […]

I helga var fem-seks personar innblanda i eit gjengslagsmål i Ølen. Dette er berre eit av mange tilfelle der Paul og Birgithe Klungland ved Baronen Pub og Kaffebar hadde trengt assistanse frå politiet. Dessverre kan ein ikkje stola på at politiet dukkar opp når ein treng hjelp.
— Me har eit svært godt samarbeid med politiet, og når dei stikk innom er det alltid veldig hyggeleg. Det som er så synd er at dei ikkje har kapasitet og ressursar til alltid å kunna hjelpa oss. I det siste har eg ringt etter assistanse kvar einaste helg, men ofte er politiet ute på oppdrag ein eller annan plass i det altfor store distriktet, og slosskampane eller eventuelt andre ting må ebba ut av seg sjølv, seier Paul Klungland.

Mykje trøbbel
Dei siste tre-fire månadane har Klungland merka ein markant auke i behovet for meir vaktpersonell.
— Det er mykje trøbbel, spesielt med polakkane. Eg må understreke at det fins ein del greie polakkar også, men stort sett blir det trøbbel når desse gjestane kjem, meiner han.
Klungland fortel at han heilt klart ser samanhengen mellom dei travle tidene innan industrien i Ølen og Ølensvåg, og trøbbel blant gjestene.
— Det er ikkje til å stikka under ein stol at mesteparten av dei vanskelege gjestene er utanlandsk arbeidskraft frå anten Fatland Ølen eller Westcon i Ølensvåg. Ein kveld talde me 18 nasjonalitetar blant gjestene våre, seier Paul Klungland.
Paul og kona Birgithe Klungland har ein god tone med politiet. Avtalen er at dersom politiet har tid, står dei like i nærleiken av Baronen rundt stengetid.
— Det at gjester ser politiet verkar veldig preventivt mot trøbbel. Det er berre så synd politiet sine ressursar er såpass knappe, seier han.

Kan bli spikaren i kista
— Som fylgje av denne situasjonen har me måtta leiga inn Vakt og Alarm for å ha nok vakter. Det kostar mykje pengar. Dersom ikkje gjestane forbetrar seg, har me ikkje økonomi til å halda ope. Eit alternativ er å setja opp inngangspengane, men då får eg meg sikkert ein på trynet, seier han med eit smil.
Paul Klungland fortel at det er fleire gonger arbeidskvelden og natta har enda med ein blåveis og to.
— Det er gått så langt at eg rett og slett mislikar somme av gjestene fordi eg veit at det blir trøbbel når dei kjem. Difor ynskjer eg å trekkja meg litt tilbake frå dørvaktjobben. Me søkjer for tida etter meir vaktpersonell, og eg håpar å få på plass nokon som kan avløyse meg innimellom, seier han.
— Hender det at du er redd?
— Redd er eg ganske ofte. Redsel kjem automatisk når ein ikkje har kontroll på situasjonen, seier han.