Det nye treningssenteret Etne Fysioterapi & Trening som opna i midten av januar har fått ein start ingen hadde venta. Fysioterapeut Øyvind Thorson er overvelda.
— Me rekna med å bruka eit halvt år på å skaffa oss om lag hundre medlemmer. Me snakka med andre treningssenter rundt omkring for å finne ut kor mange medlemmer ein kan rekne med å få. Men her var folk så ivrige å melda seg på, at nå er det heilt fullt og me har ventelister på enkelte ting, seier Øyvind Thorson.
Likar seg
Kenneth Karlsen (18) og Morten Dalen (18) frå Etne er to av medlemmene. Dei er veldig nøgde med det nye treningssenteret.
— Me tykkjer det er eit veldig godt tilbod. Me i Etne har lenge ønska oss eit eiget treningslokale å gå til, seier dei.
Begge har nå trena styrke og vekt i ein månad. Allereie etter den første dagen med trening meinte dei å kunne sjå resultat.
— Me har først og fremst lyst å styrkja overkropen og armar, fordi beina brukar me mykje elles. Allereie frå den første treninga har me merka forskjell. Me kunne auka intensiteten allereie på den andre treninga, seier Keneth Karlsen og Morten Dalen, som er innom treningssenteret tre gonger i veka.
Auka kapasitet
Takke vera fleksible instruktørar som ville ta på seg ekstra treningstimar, klarte treningssenteret å setja opp tolv ekstratimar for å gje eit godt tilbod. Seks instruktørar og to fysioterapeutar har hendene fulle for tida. Men dei får også sjå frukter av arbeidet sitt.
— Det er stort sett store smil å sjå. Det ser ut som folk får utbytte av trening, og det er veldig hyggeleg å sjå, meiner fysioterapeutane Øyvind Thorson og Gro Steiner.
Etne Fysioterapi & Trening har noko til alle behov og aldersgrupper. Ein kan velja mellom ulike nivå spinning, stepp, styrketrening og individuelt tilpassa fysioterapisk trening.
— Her har me aldersspenne frå null til 90. Me har trening for mor og barn, og ei stor gruppe med eldre. Det er kjekt å sjå at trening er ikkje berre for dei unge, men for folk i alle aldrar. Me kan leggja opp eit treningsprogram i høve til kva folk treng, seier fysioterapeut Gro Steiner.
Treningssenteret vil også laga eit treningsprogram tilpassa for menn i førtiårsalderen og meir. Ei gruppe som førebels er sjeldan å sjå på tredemølla på senteret.
Utvidar
I dag har dei eit lokale på 257 kvadrattmeter, men det er ikkje nok med ein så stor pågang av alle som har lyst å halda seg i aktivitet.
— Av den grunn har me bestemt oss for å utvida arealet med 42 kvadrattmeter. Då vert det mogeleg for fleire å trena samtidig. Til dømes me me i det eine rommet flytta fram og tilbake spinningssyklar for å få plass til andre treningsgrupper, fortel Øyvind Thorson.
Det utvida treningslokalet vil vera klart i løpet av mars.
Trening over alle grenser
Det nye treningssenteret Etne Fysioterapi & Trening som opna i midten av januar har fått […]