Tretti år på Sandeid

Kor mange som var innom i laupet av laurdagen er vanskeleg å gjetta. Den store […]

Kor mange som var innom i laupet av laurdagen er vanskeleg å gjetta. Den store parkeringsplassen bak bygget var stappfull, og tre slakteriarbeidarar hadde det travelt som parkeringsvaktar. Sola steikte frå nesten skyfri himmel, og jubileumsgjestene gav seg god tid til å nyta grillmat og vaflar under open himmel.
Populær omvisning
På det travlaste hadde driftssjef Britt Randi Stokkevåg og dei gode medarbeidarane hennar venteliste til omvisninga rundt i anlegget. Sjølv om det er tretti år sidan det som då heitte IS Vest-Ro Slakteri blei bygd i Sandeid, er det eit moderne og effektivt slakteri som nå kan visast fram for ålmenta. Anlegget blei bygd ut for berre fire år sidan.
— I slaktehallen slaktar me tre forskjellige dyreslag. Slakteria her i landet blir meir og meir spesialiserte, så det er ikkje så vanleg lenger, forklarte Stokkevåg. Mellom hundrevis av flådde storfeskrottar i hengjehallen kunne ho forklara at det er dei gamle kyrne som har gult feitt, medan yngre kyr har kvitare feitt.
Lengre inn i anlegget fekk både små og store sjå korleis sau, gris og storfe blir slakta. For dei som var spesielt interesserte i avlivingsprosedyrane, fortalde Stokkevåg at Sandeidslakteriet nyttar tre ulike metodar. Grisene blir gassa, kyr og stutar blir skotne i hovudet, og sauene blir avliva med elektrisk støyt.
Kasta støvlar
Konkurransen i støvelkasting engasjerte folk i alle aldrar og blant begge kjønn. Dei beste greidde å slengja den lealause støvelen meir enn tjue meter av garde. Det var også høve til å tippa vekta på ein kalv.
Øyvind Bergøy frå Hjelmeland kåserte om husdyrnæringa i fortid, nåtid og framtid. Jubileet blei avslutta med festmiddag for leverandørane på Vikedal Bygdehus seinare om kvelden. Der var Sigve Sørheim frå Etne og Gunnar Dalen frå Bjoa hovudtalarar.