Trippelsiger til Vikedal-skyttarar

— Etter at me fekk skytebanen på bygdehuset i Vikedal er skyting blitt veldig populært […]

— Etter at me fekk skytebanen på bygdehuset i Vikedal er skyting blitt veldig populært blant ungdommane, seier Erlend H. Vikedal (16).
Kanskje det er forklaringa på kvifor Vikedal–ungdommane var så suverene under Hordastemnet. Trekløveret Bjørn Magne Hundseid, Erlend H. Vikedal og Nils Fredrik Espevoll gjekk av med både gull, sølv og bronse i juniorklassen. I tillegg tok dei både gull og sølv i lagskytinga, saman med Sindre H. Vikedal, Ida Espevoll og Ottar S. Andreassen.

Skyting er tingen
— Kor ofte trenar de?
— Me trener stort sett ein gong i veka, av og til blir det eit par gonger, seier Nils Fredrik Espevoll.
Sekstenåringane har ingen andre fritidssyslar bortsett frå skytinga.
— Er skytinga noko som de vil satsa på vidare?
— Det er planen det ja, seier Nils Fredrik.
— Eg held på så lenge pengane rekk. Det ein dyr hobby. Både utstyr, skot og all reisinga tærer på lommeboka. Om sommaren reiser me nesten kvar einaste helg, seier Erlend H. Vikedal.

Historisk
I Vats var om lag 190 deltakarar i sving på Hordastemnet, og årets hordameister vart Jon Olav Ågotnes frå Fana. Skyttarar frå heile Hordaland samt Vindafjord var i sving, og stemneleiar Dag Arne Matre frå Sandeid, er svært imponert over ungdommane frå Vikedal.— Eg trur det må vera historisk at seks skyttarar frå Vikedal går av med så og seie heile premiepotten i juniorklassen. Eg vonar dei vil halde fram lenge. Det er i alle fall ikkje tvil om at dei har talent, seier Dag Arne Matre.