Trivst i gras, buskar og gjørme

– Det er så mykje gras og buskar at me ser nesten ikkje kor me […]

– Det er så mykje gras og buskar at me ser nesten ikkje kor me spring, og så får me gjørme over heile oss. Men kjekt er det, slo Liv Karen Lærdal frå Sandeid fast. Ho var ei av dei rundt 35 som stilte til start oppe på Fjellstølen søndag.
Ein anna som også deltok var Rasmus Lærdal som stolt kunne vise fram pokalen og diplom som viste at han var best i si klasse.
– Eg har vore med her kvart år, i alle fall sidan før eg starta på skulen, og eg blir nok med i eit par år til fordi eg likar det ganske godt, seier han.

Familiearrangement
Vindafjordmeisterskapen i terrengløp vart arrangert av idrettslaget si trim og friidrettsgruppe. Det er mest meint som eit familiearrangement, og dei fleste som deltek spring berre dette eine løpet i året.
Dei aller minste spring berre rett bort til andre stolpe i lysløypa. Mange har mor eller far som spring med for å halda dei i handa eller rett og slett på rett veg.
Lengda på løypa aukar i takt med alderen på dei som spring. Folk i alle aldrar stiller til start.

Lurt å bytta dag
– Her er mest folk som spring for løye fordi det er eit familieløp, fortel Ingunn Lærdal frå Sandeid som er med og gjer ein dugnad for idrettslaget. Saman med Tine Årvik frå Vikedal har ho seld pølser og kaker til dei mange frammøtte.
– Me var grådig heldige med dagen. I fjor hadde me løpet på ein laurdag i september, og då var det svært liten oppslutnad. September er ein alt for travel månad, slår Lærdal fast.
– Det vart ein knallflott dag. Dei fleste som kom hadde foreldre og søsken med seg. Det vart folksamt her oppe, held ho fram.