Trør til med millionar i grisehus

Ekteparet i Ølen går med det nye grisefjøset inn i ein purkering som omfattar seks […]

Ekteparet i Ølen går med det nye grisefjøset inn i ein purkering som omfattar seks bruk i Tysvær, Sveio og Vindafjord. Nye samarbeidsformer skal sikre levebrødet i landbruket.
Purkeringen var det som skulle til for at Kjell Thomas Kirketeig (32) og Anne Elise Aarekol Kirketeig (31) til slutt bestemte seg for å investere fire millionar kroner inkludert eigeninnsats. Då hadde dei fundert lenge på om dei skulle investere i gris for å spe på inntektene frå mjølkekyr og sauer.
No spankulerer 586 smågris rundt i dei tre avdelingane i fjøset i ventetida før dei første purkene kjem frå ringen i juni.
Stina (2), Tea (3 ) og Thomas (5 ) er minst like engasjerte i dei firbeinte nyinnflyttarane i huset med over tusen kvadratmeter på deling.
Trygg grunn
— Vi fekk laga dei første teikningane for grisehus i 1997. Det har vore klart lenge at det ikkje går an å leve av 12-13 kyr slik landbrukspolitikken er i dag. Så kom dette med purkering opp i avisene og vi tok kontakt med ein rådgjevar i Gilde. Dermed var vi i gang, fortel Kjell Thomas.
Men å satse fire millionar kroner er ikkje ei avgjerd ein tar i ei handevending. Først gjekk det litt ut over nattesøvnen, men no er dei i gang og lar seg ikkje affisere av eventualitetar dersom prisane blir for ugunstige.
— Vi har kalkylar som seier oss at dette skal gå bra. Skal ein satse, kan ein ikkje tru det verste, seier Anne Elise.
Litt jojo
Det var knapt kome gris i det flunkande nye fjøset før Omsetningsrådet slo fast at kvar nordmenn må ete to kilo svinekjøt ekstra i 2006 for å hindre overproduksjon. Det skjer neppe, og dermed er det bonden si lommebok det går ut over for å få større jamvekt mellom forbruk og produksjon.
— Slik er det med gris. Det går opp og ned, og ein kan ikkje vere ute etter dei store gevinstane på kort sikt. Når det gjeld gris, må ein sjå reknestykket over fleire år og vere førebudd på bølgjedalar, seier Kjell Thomas.
— Det er bønder som er eldre enn oss som synst vi er litt smågalne. Men det er langt fleire som synst det er kjempeflott av vi vil satse på dette yrket, fortel Anne Elise.
Det blir sagt at mjølkekvota skaffar dei stabile inntektene, medan grisefjøset gir det ekstra som fører til at bonden kan kjøpe hytte på fjellet og asfaltere i tunet.
Begge tar del
Men ekteparet er ikkje avhengig av garden som einaste inntekt. Han arbeider deltid i Sandeid fengsel, og ho har permisjon frå jobben som sjukepleiar. Han skal trappe ned med tid og stunder og konsentrere seg om gris og ku, medan ho vil gå ut igjen i arbeid når ungane blir litt større. Den minste er snart to år.
Begge deltar i gardsdrifta og er engasjerte i det å drive landbruk.
— Eg er ikkje gift til gard sidan det var foreldra mine vi tok over garden etter. Eg var van med gardsarbeid, og eg likar det, seier Anne Elise.
— Det er ein stor fordel at begge er interesserte. Drifta blir enklare, til dømes ved sjukdom. Dessutan snakkar vi om det som skjer på garden. Dersom den eine parten ikkje deltar, blir ikkje det på same måten, meiner Kjell Thomas.
Dessutan har dei god hjelp av far hennar, Johannes Aarekol, som er med nesten kvar dag trass i at den yngre garde tok over i 2001. Ekteparet Kirketeig opplever verken krisestemning eller at det er vanskeleg å drive gardsdrift. Difor kvir dei seg heller ikkje for å investere.
Sikrare med purkering
I purkeringen får dei eit fagleg fellesskap både med dei andre satellittane og det såkalla navet som leverer frå seg drektige purker.
— Det blir litt som samdrift. Dessutan spesialiserer ein seg på delar av produksjonen samanlikna med eit kombibruk der ein driv med både purker og slaktegris. No får vi drektige purker som vi sender tilbake til navet når dei har fått ungar. Deretter fôrar vi smågrisane opp til slaktegris. Med små marginar er det ein økonomisk gevinst å hente på ei slik spesialisering. Som i alle bransjar er det dei som driv godt som får mest igjen økonomisk, seier Kjell Thomas Kirketeig.
Dei går ei travel tid i møte til sommaren når dei første 24 purkene kjem på visitt og skal føde.