Trur på oppgangstider

Ordførar Amund Enge i Etne fekk æra av å markera gravestarten, men det var ingen […]

Ordførar Amund Enge i Etne fekk æra av å markera gravestarten, men det var ingen debutant som sette seg bak spaken.
— Eg har ein svigerfar i bransjen så eg har hatt gleda av å kjøra gravemaskin før, seier Enge.
Med oppstart av gravinga torsdag er Ole Strømø ved Møbelringen og Morten Helland ved Montér i rute. Dei planlegg å opna senteret 30. november i år.
Ni butikkar er så langt klare for å flytta inn i senteret. Strømø og Helland seier seks interessentar utanom desse har vore i kontakt med dei.
— Dette er helst eksterne aktørar. Det vil bety fleire nye tilbod som Etne og distriktet i dag ikkje har, seier Helland utan å røpa detaljar.

Treng optimisme
Enge meiner det nye senteret er ei svært viktig sak for kommunen.
— Det vil skapa optimisme og det treng me nå. Me har vore inni ein bølgjedal og me treng å komma oss ut av den. Samtidig som me ser at dette blir realisert, står me også overfor realiseringa av eit nytt byggefelt, seier ordføraren og viser til planane på Øvre Fitje.
— Kva med fleire arbeidsplassar?
— Det vil bli ei utvikling i så måte. Ein del av butikkane som skal inn i senteret, er allereie etablerte i Etne, men med eit så stort bygg som dette er det klart at det trengs fleire. Arbeidet sysselset også folk i anleggsbransjen, seier Enge.
Han er derimot ikkje bekymra for at senteret skal føra til tomme butikklokale i sentrum.
— Eg trur senteret er med og utviklar sentrum. Denne aktiviteten vil vera med og avla ny aktivitet, seier Enge.

Sysselset lokale folk
Etne Senter, som er kalkulert til 50 millionar kroner, blir totalt 8.800 kvadratmeter stort fordelt på to etasjar.
Ordføraren ser ikkje bort frå at ein større del i det same området kan brukast til næringsformål.
— Me har eit område vidare oppover her med næringsfelt, utan at det er frigitt av fylket, men det er noko me kjem til å jobba med i neste kommuneplan, seier Enge.
Det er det nystifta Etnesjøen Eiendom AS som står som utbyggar, der Morten Helland og Ole Strømø har aksjekapitalen 50/50. Helgesen Tekniske Bygg AS frå Osterøy er tildelt hovudentreprisen. Grunnarbeidet blir gjort av Tveit Maskin frå Bjoa. Elektronikken bidrar Helgevold Elektro AS frå Sandeid med, Haraldseid Rørlegger AS/Karsten Bjelland frå Skjold tar seg av røyr og Budeng og Vik Entreprenør AS frå Førresfjorden står for betongen.