Trur Vindafjord Ap på julenissen?

Det som får meg til å kaste meg over tastaturet, er Arbeiderpartiet sine forsikringar om […]

Det som får meg til å kaste meg over tastaturet, er Arbeiderpartiet sine forsikringar om at dette berre er mellombels. Skatten skal vekk igjen om nokre få år! Det blir for naivt; mest som å tru på julenissen – og det gjer vel ikkje godt vaksne arbeidarpartipolitikarar?
Sanninga er nok at me er vitne til ein indremedisinsk vri. Den beiske pillen skal søtast. Om snaue tre år er det kommunestyreval, og ingen veljarar må la seg skremme av at AP har vore fødselshjelp til generell eigedomsskatt. Tvert imot utbasunerer Reidar og Marit: stemmer du på oss, skal me ganske raskt i den nye perioden syte for å avskaffe styggedomen! Eg tvilar på om dei trur på det sjølv, og det er vonleg ikkje mange vindafjordveljarar som bit på heller.
Det er lite realt å gi inntrykk av at dette er ein enkel prosess. Eigedomsskatt har ikkje nokon av/på-knapp som ein lett trykkjer på ved svingande konjunkturar. Innføring byr på kostnader og krevjande arbeid med registrering og taksering, klagar og klagehandsaming. Inntektseffekt å snakke om får ein først lenge etter at vedtaket er gjort. Skatteinntektene blir ein del av inntektssida i alle budsjett og økonomiplanar i åra som kjem. Med mindre det skjer noko radikalt i kommuneøkonomien, vil ein snart bli avhengig av desse inntektene og legge drifts- og aktivitetsnivå deretter. Då skal det meir enn god vilje, og eit eventuelt positivt økonomisk blaff til for å fjerne soveputa.
Om du trur – eller ei
GOD JUL

Gunnar Ulland