Trygg skuleveg er eit krav

Trygg Trafikk understrekar at barna sin tryggleik er dei vaksne sitt ansvar. Trygg Trafikk gir […]

Trygg Trafikk understrekar at barna sin tryggleik er dei vaksne sitt ansvar. Trygg Trafikk gir mange gode råd til både barn og foreldre om korleis dei bør opptre i trafikken. Til alle bilistane er bodskapen at når det gjeld barn på veg til skulen kan ein forventa det uventa. Oppfordringa til bilførarane er å oppføra seg som om det er dine eigne barn eller barnebarn.

Men det er ikkje nok til å sikra ein trygg skuleveg. Sjølve skulevegen må også vera forsvarleg å ferdast på. På sterkt trafikkerte vegar må det i 2005 vera eit krav at det er gang- og sykkelvegar. Mange stader er det etter kvart også blitt bygde gang- og sykkelvegar. Men dei har ikkje komme av seg sjølv. Dei fleste stadene er det foreldre som har pressa på.

I Etne har foreldre på nytt tatt saka opp om å få tryggare skuleveg mellom sentrum og Håfoss. Det er seks år sidan dei hadde ein underskriftsaksjon for gang- og sykkelveg. For to år sidan skreiv ei av mødrene brev til kommunen med spørsmål om kva som skal til for å framdrift i spørsmålet om gang- og sykkelveg. Ho har enda ikkje fått svar på brevet og må berre innsjå at lite og ingen ting er gjort. Nå ber foreldra om fri skuleskyss for elevar som har passert 5. klasse for dei som har mindre enn fire kilometer lang skuleveg. For inneverande år vil det kosta kommunen 41.000 kroner. Administrasjonen i kommunen viser til at regelverket for fri skuleskyss må endrast for å gi klarsignal, noko dei ikkje er innstilte på.

Då er det å håpa at politikarane har eit meir humant syn. Det er nemleg tryggleiken for dei yngste og mest sårbare innbyggjarane i kommunen det handlar om. Dersom det er regelverket som står i vegen, bør saka vera enkel. Kvar einaste unge har nemleg rett til å komma seg trygt til og frå skulen. Når alternativet er den kvite stripa langs E134, kan det ikkje vera mykje å lura på. La dei få fri skuleskyss ved første korsveg.