Trygt rundt Osnes

Vegstubben på 350 meter langs E134 på Madsgård i Etne har vore etterlengta i årevis. […]

Vegstubben på 350 meter langs E134 på Madsgård i Etne har vore etterlengta i årevis. Gleda var difor stor då arbeidet starta i fjor haust. Turgåarar i alle aldrar nyttar den fem kilometer lange vegen rundt Osnes, og mødrer med barnevogner er eit dagleg syn.
Det var naturleg at sjølve snorklyppinga vart gjort av seks år gamle André Klippenberg Grindheim, som i dette høvet var utstyrt med skikkeleg reiskap, ein ljå.
Trass i striregn, var ein del frammøtte, med Etne skulekorps i spissen, på plass då ordførar Amund Enge ønskte vel møtt til vegopninga.
— Det er ikkje mange vegar som har vore så etterlengta som denne vegen her. Før var vegen her farleg å gå. Nå har vi i tillegg til gang- og sykkelvegen, også fått ein ny vegstrekning der to trafikkfarlege utkøyrsler er knytte til E134, sa han.
Vegen har kosta 2,2 millionar kroner og er betalt av Statens vegvesen. Tveit Maskin AS har stått for arbeidet. Det er Etne kommune som nå skal ha vedlikehaldet av den kommunale vegen.
Fungerande distriktsvegsjef Lars Øyre, gledde seg også over den ferdige vegstrekninga. Han var svært nøgd med arbeidet som var utført og korleis vegprosjektet tek seg ut i ferdig stand. Han minna om at langs E134 går det 2.800 bilar i døgeret. Ikkje minst av den grunn, er det viktig å tryggja dei mjuke trafikantane.