Tryllar med tre

Jon Magne Skaar kom til Etne frå Odda for 15 år sidan. Då kjøpte han […]

Jon Magne Skaar kom til Etne frå Odda for 15 år sidan. Då kjøpte han det gamle meieriet på Håfoss, og byrja å restaurere det. Resultatet vart så bra at han mottok Byggjeskikkprisen for oppussinga. No bur han i toppetasjen, saman med kona og to gutar på 11 og 13 år. I kjellaren har han levebrødet sitt, Jons Byggdekor.
Redda av hjelpemiddel
Trearbeid har han hatt som hobby sidan ungdommen, men det var likevel ikkje i den retninga han valde å utdanne seg. Etter mange år som platearbeidar og sveisar, gjekk Etne Sveis konkurs, og Jon Magne Skaar stod utan arbeid. Det var då han bestemde seg for å satse på trearbeid. Det gjorde han og alt gjekk godt heilt til han ein dag fall på glattisen og vart hundre prosent ufør. Jon Magne ynskte slett ikkje å gå på uføretrygd, og byrja å kjempe for si eiga arbeidsframtid. Med god hjelp frå trygdekontoret har han no skaffa seg ei fresemaskin som er jokeren i Jon Magne si bedrift.
— Utan maskina hadde eg stått på bar bakke, seier han.

Jungeltelegrafen går

Snikkaren har ikkje brukt ei krone på marknadsføring, og har likevel fullt opp med arbeid. Jungeltelegrafen og venner i ulike byggfirma, gjer at kundelista er blitt veldig lang.
— Byggfirma sender kundar som ynskjer noko litt utanom det vanlege til meg, og så gjer eg mitt beste for å oppfylle ynskja deira, seier han med eit smil. I tillegg er han fast leverandør av skapdører til Tungesvik Bygg i Skånevik.
Stortrivst med arbeidet
— Eg har lange dagar i verkstaden, ting tar litt tid når helsa ikkje er tipp topp, seier han.
Å arbeide med tre har han hatt som hobby sidan 70- talet, og at han no kan leve av det synes han er utruleg.
— Å kunne leve av hobbyen sin er kjempeflott! Eg stortrives med arbeidet, seier Jon Magne.

Husets auge

Noko av det Jon Magne sel mest av er pynteklossar til vindauge. Hus får ein heilt ny utsjånad med litt ekstra rundt husets auge.
Skilt er og noko det har gått mykje av i den siste tida. Kundane er alt frå firma, som vil ha eit iaugefallande skilt med logo, til privatpersonar som ynskjer eit skilt til anten hus eller hytte.
Bedrifta går no så godt at den flittige snikkaren vurderer å tilsetje folk.