Turismen må tenkja nytt

Fjellriding på Hardangervidda er turistkonseptet til Hutchinson, som opphaveleg kjem frå Luster i Sogn. Verken […]

Fjellriding på Hardangervidda er turistkonseptet til Hutchinson, som opphaveleg kjem frå Luster i Sogn. Verken ho eller den engelskfødde ektemannen hennar hadde noko tilknyting til garden dei kjøpte, og som dei nå bruker til turistsatsinga si. Garden ligg heile 600 meter over havet, og sesongen med guida rideturar på vidda varer grovt rekna frå juli til oktober.

Målretta
Hutchinson poengterte at ho heilt sidan oppstarten hadde ført statistikk over kvar kundane hennar kom frå, og kvar dei hadde fått informasjon om aktivitetane ho tilbaud. På denne måten kunne ho luka vekk kostbare marknadsføringskanalar som ikkje gav resultat, og satsa meir pengar og ressursar på dei kanalane som resulterte i at det kom folk.
I den siste hadde ho opplevd at det blei mykje slitasje på henne, og på familien, og ho ønskjer å vri turistsatsinga si litt over på at fleire aktivitetar kan skje på sjølve garden.

Grøn omsorg
I tillegg til at ho driv med gardsturisme, tek Hutchinson seg av ungdommar som treng støtte og oppfølging. Dette kjem inn under konseptet Grøn omsorg. Vanskelegstilt ungdom blir plasserte ut i eit gardsmiljø, og dei som tek seg av dei, får betalt over dei offentlege helsebudsjetta.
Kombinasjonen av Grøn omsorg og turistsatsing kan gje gode resultat, også dersom det eine av dei to satsingsområda ikkje gjev god nok avkastning til at satsinga løner seg.
Eli Serigstad frå landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland orienterte om den statlege satsinga på småskala reiseliv, og om samarbeidet med Destinasjon Haugalandet. Det var Fylkesmannen som arrangerte møtet.

Nettverk viktig
Fordi reiselivet på Haugalandet naturleg er knytt opp mot Etne og Røldal, ønskte arrangøren også å trekkja med seg flest mogleg etnebuar i dette inspirasjonsmøtet. Eit blikk rundt dei to fullsette borda viste at dei hadde lukkast med det. Det var representantar frå alle bygdene i Etne og frå dei aller fleste bygdene i Vindafjord.
— Det er viktig med eit sterkt nettverk og felles profilering. Vindafjord-Etne-området kan bli sterkare på dette, sa Eli Serigstad i ein kommentar etter møtet.
Fylkesmannen sin representant understreka at det viktigaste med slike møte er å inspirera dei som vurderer å setja i gang eitkvart innan småskala reiseliv. Om det er eit par prosjekt som kjem vidare frå idéstadiet som følgje av eit slikt møtet, vurderer ho det som vel anvendte statlege kroner.

Ikkje gløym kyrne
Fleire lokale reiselivsaktørar var inviterte til å halda korte innlegg om satsinga si. Det blei understreka at ein heile tida måtte ha fokus på at dette er ei næring, og ikkje ein hobby. Det er tillete, og det er beint fram nødvendig, å tena pengar.
Dominikus Bjordal frå Vikedal poengterte at sjølv når tradisjonell gardsdrift isolert sett ikkje var rekningssvarande, så kunne det vera nødvendig for å halda kulturlandskapet i hevd.
— Uansett om du ikkje tener pengar på kyrne, så held dei iallfall garden ved like. Og så får me litt mjølk til sjokoladepuddingen, sa Bjordal, som hadde valt å behalda kyrne i tillegg til reiselivssatsinga.
Den tidlegare ordføraren kunne også avsløra at det er billigast og enklast for dei å kjøpa hjort hjå slaktaren når det skal serverast hjortesteik i selskap på Bjordal. Om dei skulle ha servert eigenslakta hjort, så er kontrollprosessen svært komplisert.
— Leig ut hjorten på rot. Då er det ingen som spør om han er slakta i ein busk, var oppfordringa frå Bjordal.