Turistane finn ikkje butikken

Sjølv om det i haust kom ny Kiwi-butikk berre eit par minutt frå handelslaget i […]

Sjølv om det i haust kom ny Kiwi-butikk berre eit par minutt frå handelslaget i Skjold, heldt omsetninga seg på same nivå som tidlegare. Men i desse sommarmånadane fortel butikksjef Thomas Kolstø om lågare omsetning.
— Det var ikkje store forskjellen med konkurranse frå Kiwi like ved og me hadde god julehandel. Medlemmane våre støttar opp og handlar fast hjå oss, slår han fast. Blant dei fire Coop Marked-butikkane på Haugalandet, ligg handelslaget i Skjold på topp over omsetning, og Kolstø har tru på å nå toppen også dette året.
Etter at Europavegen blei lagt om for nokre år sidan, ligg Coop Marked-butikken litt avsides frå hovudvegen. Og utan skilt, er det ikkje mange utanom dei lokalkjente som finn vegen til butikken.
— Vegvesenet har godkjent at me får setja opp skilt ved vegen, så me får håpa det kan føra til endå fleire kundar. Nå om sommaren er det ikkje så mange turistar som finn fram, seier Kolstø.
Butikksjefen frå Haugesund har styrt butikken sidan mai sist år og likar seg godt i Skjold. Med seg i butikken i sommar har han blant andre Kristian Aas som er ferietilsett, og Astrid Vestre frå Skjold.