Turna for heile bygda

Turnarar frå to år til godt vaksne damer imponerte publikum med flott oppvisning på søndag. […]

Turnarar frå to år til godt vaksne damer imponerte publikum med flott oppvisning på søndag. Sjølve oppvisninga starta klokka 14, men publikum som har vore på turnfest før, veit at det løner seg å vera ute i god tid skal ein få sitjeplass denne dagen. Difor var mange på plass allereie ein time før oppvisinga.
Nissar og rockering
Dei aller yngste, gruppa frå 3-5 år, dansa boogie, balanserte og rulla eller stupte hovudkråke, alt etter kor gamle dei var. I flotte nissekostyme sjarmerte dei publikum i senk med sin litt famlande opptreden. Handa til mamma var i alle fall god å ha, for det er ikkje berre og berre å stå på scenen framfor fire hundre menneske og vera knappe tre år. Gruppa 5-6 år, svinga seg med rockeringar til passande rockemusikk, og fekk trampeklapp for det. Alle dei yngste fekk utdelt diplom som takk for årets turninnsats.
Sporty damer
Dei litt eldre turnarane hadde òg mange flotte nummer på programmet, spesielt godt gjorde gruppa 13-16 år det. Dei imponerte og var heilt på høgde med den eldste gruppa 16-20 år.
Turnstemnejentene var ei gruppe med godt vaksne damer som viste at ein ikkje treng vera heilt ung for å gjere det godt på turn. Med Blues Brothers på høgtalarane entra dei scenen med mørke dressar og solbriller, entreen var like stilig som resten av oppvisinga deira.
Trampett og kaffikos
Etter sjølve sceneshowet i kinosalen, flytta mesteparten av publikum over til storsalen i kulturhuset. Her vart det servert heimelaga kaker og bollar, laga på dugnad av turngruppa, pluss loddtrekning. Høgdepunktet var nok trampett-troppen si oppvising. Med himmelhøge svev og saltoar i fleng geispa publikum etter pusten under det fascinerande nummeret. Årets turnfest var som tidlegare år; Imponerande!

Hanne Rullestad